Erling Virkesdal () er ein norsk historikar og forfattar frå Dalsøyra i Gulen kommune i Sogn og Fjordane.
I åra 1971-1996 arbeidde Virkesdal som undervisningsleiar ved Bergens Sjøfartsmuseum, og frå 1996 og utover var han styrar ved Herdla Museum.
Virkesdal har gjeve ut ei heil mengd historiebøker om ulike ruteselskap i Bergen og resten av Hordaland, og om kystkultur. Han har arbeidd svært mykje med restaureringa av det gamle bygningsmiljøet i Strusshamn på Askøy. Her finst det m.a. mølle og fabrikkbygningar.
Virkesdal er busett på Askøy.
Bibliografi Bøker
Kjelder
Om Erling Virkesdal i Alkunne.no Fjordkysten.no - kjeldebruk av Erling Virkesdal si bok.
Artiklar tidsskrift - eit utval Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske sakprosaforfattarar Kategori:Forfattarar frå Gulen Kategori:Folk frå Gulen Kategori:Folk frå Askøy