Stanisław I Leszczyński () var konge av Polen i periodane 1704-1709 og 1733-1736. Den første gongen som konge vart han sett på trona av ei framand makt (Sverige) og avsett av landsmennene sine, den andre gongen utropt av landsmennene sine, men avsett av ei framand makt (Russland).
mini|venstre|Våpenskjoldet til den polske adelsfamilien Wienawa, som Huset Leszczyński høyrde til Stanisław Leszczyński var vojvod av Poznan og høyrde til Huset Leszczyński. Ved eit besøk i det svenske hovudkvarteret i Polen under den store nordiske krigen vann han tilliten til Karl XII. Han såg i han ein mogleg kandidat til den polske trona i staden for den sitjande kongen August den sterke som deltok i krigen på Russland si side. Stanisław Leszczyński vart likevel ikkje akseptert som konge av den polske adelen, som såg på han som ein svensk vasall.
Etter svensk press og våpentrugslar vart han likevel vald til polsk konge i juli 1704, noko som førte til ein intern arvefølgjekrig parallelt med krigen med svenskar og russarar. Etter nederlaget til Karl XII i slaget ved Poltava i 1709 tok August den sterke tilbake trona med hjelp av Peter den store og med støtte frå majoriteten av den polske adelen. Stanisław Leszczyński måtte då forlate Polen. Familien hans budde i perioden 1709-1720 i Svensk Pommern og i Sverige, mellom anna tre år i Kristianstad.
I åra 1714–1720 forvalta Stanisław Leszczyński hertugdømet til den pfalziske slekta Pfalz-Zweibrücken. Etter at August den sterke døydde, vart Stanisław Leszczyński igjen vald til polsk konge i 1733 med støtte frå svigersonen Ludvig XV av Frankrike som var gift med dottera til Leszczyń Marie Leszczyńska.
Under den polske arvefølgjekrigen vart han fordrive av russarane og abdiserte i 1736, men fekk halde kongetittelen då dette gjekk inn i vilkåra i fredsavtalen i Wien frå 1738, som vart stadfesta i 1738. Han fekk òg Lorraine som hertugdøme på livstid då svigersonen hans Ludvig XV hadde erobra dette frå Austerrike under den polske arvefølgjekrigen. Då han døydde vart dette annektert av Frankrike.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Stanisław I Leszczyński» frå , den 14. november 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Polske monarkar Kategori:Litauiske storhertugar Kategori:Hertugar av Lorraine Kategori:Folk frå Lviv Kategori:Polakkar i den polske arvefølgjekrigen Kategori:Den Heilage Ande-ordenen Kategori:Polakkar i den store nordiske krigen