Flaktveit er ein matrikkelgard i Åsane bydel i Bergen. Folketalet innanfor den gamle matrikkelgarden var 5439 i 2001. Det tettbygde området vert rekna som del av den samanhengjande tettstaden Bergen. Flaktveit ligg sentralt i Åsane. Størsteparten av innsjøen Hjortlandsstemma ligg innanfor Flaktveit.

Frå siste del av 1970-talet opplevde Flaktveit ein enorm folkeauke i samband med utbygging av bustadfelt. I 2001 budde 14,5 % av folket i Åsane innanfor grensene til matrikkelgarden Flaktveit.Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 224 Bustadområda er prega av lågblokker og rekkjehus, med ein del einebustader. Her ligg òg barneskulen Flaktveit skule. Den store utbygginga på kort tid førte ei tid på 1980-talet til ein del sosiale problem på Flaktveit, som gav området mykje negativ omtale. Utover 1990-åra vart utviklinga snudd i meir positiv retning. Nedgang i kriminalitet og auke i bustadprisar er teikn på den positive utviklinga.

Leiglendingane på garden kjøpte garden frå jordeigaren i 1775 og 1776. Gardsdrifta på Flaktveit vart stort sett avvikla i andre halvdel av 1970-åra, men endå etter 1980 var det sauedrift på eitt bruk. Det er no heilt slutt på jordbruket på Flaktveit.

Kjelder Frode Fyllingsnes, Åsane - i fortid og nåtid (Bodoni forlag, 2007), s. 223-229

kategori:gardar i Åsane