Laberget, tidlegare skrive Ladberget og Ladeberg, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 1.
Geografi Laberget ligg lengst vest på nordsida av Skifjorden og grensar i nord til gardar i Fjaler kommune og i aust til Varlia.
Historie Garden vart skilt ut frå Varlia i 1796. Husmannsplassen Labergsbotnen vart fråflytt kring 1900. I 1890-åra vart det bygd kai på Laberget og det vart også drive sildesalting og handel der.
Namnet Namnet tyder eit berg der det vert lasta om eller ein utskipingsstad, og kjem av at Laberget ofte var einaste isfrie hamna i Skifjorden på vintrane, og gardane innover nordsida av fjorden nytta Laberget til utskiping.
Namnet er også brukt mange andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Laberget» i 2003 og avviste samstundes «Ladberget».
Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune
Kjelder
Vidare lesnad
Bakgrunnsstoff Om Laberget i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Ladeberg» i matrikkelutkastet av 1950 «Laberget» i gardsmatrikkelen for 1886
kategori:Gardar i Hyllestad