Henrikh Hamleti Mkhitarjan () er ein armensk fotballspelar som spelar for AS Roma.Mkhitaryan fired up for Roma adventure to continue. (31. august 2020), asroma.com.
Han har spela på midtbanen for Sjakhtar Donetsk i den ukrainske fotballigaen, og for det armenske landslaget.
Mkhitarjan starta karrieren sin for toppklubben Pjunik i heimlandet, der han vart armensk seriemeister fire år på rad, frå 2006 til 2009. Han vart kåra til årets armenske spelar i 2009. Sommaren 2009 drog han til Ukraina og Metalurh Donetsk, der han vart klubbkaptein i juli 2010. I starten av 2010/11-sesongen vart han kjøpt av den ukrainske toppklubben Sjakhtar Donetsk. Han spela på Arsenal FC frå 2018.
Mkhitarjan debuterte for Armenia sitt A-landslag 14. januar 2007 i ein kamp mot Panama. Han skåra det første landslagsmålet sitt 28. mars 2009, i ein VM-kvalifiseringskamp mot Estland.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Henrikh Mkhitarjan» frå , den 4. september 2020.
Kategori:Armenske fotballspelarar Kategori:Metalurh Donetsk-spelarar Kategori:Sjakhtar Donetsk-spelarar