Frederikshavn er ein by og tidlegare kjøpstad på Jylland i Danmark med (2013) innbyggarar.Danmarks Statistik: FOLK1 2013K4 (Vitja 12. februar 2014) Frederikshavn ligg ved Kattegat på austkysten av Vendsyssel. Tidlegare Frederikshavn kommune hadde i 2004 34 416 innbyggarar. Etter kommunalreformen 2007 er tidlegare Sæby kommune innlemma i den nye Frederikshavn kommune. Den høyrer til Region Nordjylland.

Frederikshavn ligg i eit morenelandskap som vart skapt av innlandsisen i siste istid for om lag 14 000 år sidan. Byen heitte tidlegare Fladstrand før den vart kalla opp etter kong Fredrik VI. Frederikshavn fekk kjøpstadsrettar i 1818.Søren Olsen: Danmarks købstæder, 144 købstæder og andre gamle byer, Politikens Forlag 2000, side 55, ISBN 87-567-6203-8

Næringslivet i Frederikshavn har tradisjonelt vore basert på fiskeri og hamneverksemd. I dag er byen ein av Danmarks største ferjebyer med samband til Oslo og Göteborg. Byen har også eit større sjukehus, marinebase og tekniske skular tilknytte maritime fag.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Frederikshavn» frå , den 27. november 2010.

Kategori:Byar i Region Nordjylland Kategori:Frederikshavn kommune