Torstein Guttormsson Fretheim () var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Aurland i Sogn. Han var farfar til Thorstein Fretheim den yngre.
Far hans var gardbrukar på Fretheim, men døydde då sonen Torstein var barn. Sonen vart då oppfostra hos besteforeldra. I vaksen alder tok hans så over farsgarden og dreiv den til han skøytte garden over til son sin. Han var ordførar i Aurland i om lag 30 år og i mange år medlem av forlikskommisjonen.
Fretheim representerte Nordre Bergenhus på Stortinget i 1842, 1848, 1862-64 og 1871-73. Han var medlem av militærkomiteen 1842, 1848, 1862-63 og på omframstortinget av komiteen om avløninga av hæren. I perioden 1871-73 var han medlem av budsjettkomiteen, medan han var medlem av Lagtinget 1862-64 og 1871-73.
Han døydde på garden sin i Aurland i 1874.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Folk frå Aurland