mini|Portrett av Jørgen lensgreve Scheel (1718-1786) måla av Jean-Marc Nattier i 1738. Lensgreve er ein adelstittel for den høgaste adelsrangen i Danmark. Tittelen vart innført i Danmark-Noreg i 1671 ved ei forordning om oppretting av grevskap og baroni. Ein lensgreve var derfor ein greve som var forlent med eit grevskap frå den danske (dansk-norske) kongen. Greve er ein reint honorær tittel, og står under lensgreve i rang.

Adelsrettar blei avskaffa gjennom den danske grunnloven frå 1849, sjølv om titlane ikkje blei avskaffa. Lensafløsningsloven (1919) avskaffa krona sine len (majorat). Etter dette skulle adelstitlane vara i tre generasjonar og så falla bort.

I Noreg var tittelen knytt til grevskapa Laurvigen og Jarlsberg. Familien Wedel-Jarlsberg er knytt til denne tittelen.

Sjå òg Dansk adel

Kjelder

Kategori:Adelstitlar Kategori:Danmark-Noreg