Johannes Olsson Veset () var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Haus i Hordaland. Han var far til Ole Veseth.
Han var son til ein gardbrukar. Sjølv var han 1829-36 skulehaldar i heimbygda og kyrkjesongar frå 1831 til –44. Han tok over farsgarden i 1834 og dreiv han til 1861, då han kjøpte garden Mjelde i Haus og dreiv denne til 1878. Frå 1852 til 1896 var han lensmann i Haus. Veset kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Haus, og var medlem av dette i om lag 40 år. Forlikskommissær 1842-54 og 1873-89. Han var medlem av skattekommisjonen av 1861.
Veset representerte Søndre Bergenhus amt på Stortinget 1845-54, 1859-69 og 1877-78. Han var medlem av protokollkomiteen 1845 og -48, 1848 også av adressekomiteen. I 1851 var han medlem av protokollkomiteen, jarnbanekomiteen og trykkekomiteen, 1854 av valkomiteen og protokollkomiteen, 1859-60 av Lagtinget, valkomiteen og konstitusjonskomiteen, 1862-63 av dei tre sistnemnde samt jarnbanekomiteen og matrikkellovkomiteen. På omframstortinget 1864 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen samt komiteen om den dansk-tyske krigen, medan han 1865-66 var medlem av Lagtinget, valkomiteen, konstitusjonskomiteen, traktatkomiteen og av komiteen om hjelpekyrkje for Domkyrkje-lyden i Trondheim. Perioden 1874-76 var han 1. varamann, møtte i 1875 frå 13. mars, medlem av Lagtinget og næringskomite nr 1. Sesjonen 1877-78 var han medlem av Lagtinget og konstitusjonskomiteen. Veset var vald for 1879-sesjonen òg, men sidan han i mellomtida hadde skøytt frå seg garden, hadde han tapt røysteretten sin og kunne ikkje møte på Stortinget.
Veset vart tildelt Borgardådsmedaljen i sølv.
Han døydde i Haus i 1905.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1877-1879 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Medaljen for borgardåd Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Osterøy