Lybakken, også skrive Lybakk, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 14.

Geografi Lybakken ligg på vestsida ved søre enden til Langesjøen, opp til grensa mot Fjaler kommune og grensar i sør til Trøsdalen.

Det er ikkje køyreveg til Lybakken.

Historie Garden vart skilt ut frå Trøsdalen i 1879. og var i tida før husmannsplass. Kjeldene fortel om busetnad på Lybakken frå 1815, men der har truleg vore plass også i eldre tid.

Lybakken har vore einbølt. Garden er fråflytt, og vert no brukt som feriestad.

Namnet Fyrstelekkjen «ly» tyder lun, mild.

Lybakken er ikkje brukt som gardsnamn andre stader i landet, men det er ein gard som heiter Lybakk i Trysil kommune.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Lybakk» i 1962, og «Lybakken» i 1986.

Sjå òg Matrikkelgardar i Hyllestad kommune

Kjelder

Vidare lesnad

Bakgrunnsstoff «Lybakken» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv «Lybakken» i matrikkelutkastet av 1950 «Lybakken» i gardsmatrikkelen for 1886

Kategori:Gardar i Hyllestad