Jermain Colin Defoe () er ein engelsk tidlegare fotballspelar som har spelt for Tottenham Hotspur sidan 2009.

Jermain vart fødd i London. Mora kom frå St. Lucia og faren frå Dominica. Det fyrste laget Jermain spelte for, var London-klubben Senrab. I ungdomstida spelte han òg for Charlton Athletic før han kom til West Ham United. Han kom på West Ham sitt fyrstelag i 1999. I 2004 bytte han klubb til Tottenham, deretter til Portsmouth før han reiste tilbake til Tottenham i 2009. Han var Tottenham sin toppskårar i Premier League i 2004/05- og 2009/10-sesongen.

Landslagsspel Defoe spelte for det engelske landslaget frå 2004. Han fekk ikkje delta i fotball-VM 2006, men var ein del av troppen i fotball-VM 2010 i Sør-Afrika. Her skåra han det einaste målet i kampen mot Slovenia i gruppespelet. Defoe fekk sin 57. og siste landskamp på Hampden Park i juni 2017. Han var innbytar då Skottland og England spelte uavgjort i ein kvalifiseringskamp til Fotball-VM 2018. Defoe noterte seg for 20 landslagsmål.

Kjelder Engelsk Wikipedia om Jermain Defoe. eu-football

Kategori:Engelske fotballspelarar Kategori:Tottenham-spelarar Kategori:West Ham-spelarar Kategori:Portsmouth-spelarar Kategori:Charlton-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2012