Owl City er eit einmanns synthpop-prosjekt starta i 2007 av Adam Young frå Owatonna i Minnesota, USA.
Adam Young starta å komponere musikk etter at han skal ha slite med søvnløyse. Han vart lagd merke til for songane han hadde lasta opp på MySpace og fekk seinare signert seg til eit musikkselskap. Owl City kom i 2007 ut med EP-en Of June, som i 2008 vart etterfølgd av albumet Maybe I'm Dreaming. Of June nådde som nummer 20 på Billboard-lista for elektroniske album og Maybe I'm Dreaming nådde ein 16-plass som høgste plassering på same liste.
Young har sagt at han er inspirert av disko og europeisk elektronisk musikk. Ocean Eyes, det tredje albumet til Owl City, vart gjeve i juli 2009 og debuterte som nummer 27 på Billboard 200. Tre singlar er gjevne ut frå det albumet, «Fireflies», «Umbrella Beach» og «Vanilla Twilight».
I november 2010 vart julesingelen «Peppermint Winter» gjeven ut.
Diskografi 2008 Maybe I'm Dreaming 2009 Ocean Eyes
Kjelder Denne artikkelen byggjer på «Owl City» frå , den 8. desember 2010. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkgrupper frå 2000-talet Kategori:Musikkgrupper frå 2010-talet Kategori:Musikkgrupper skipa i 2007 Kategori:USA-amerikanske elektroniske musikkgrupper