Åsmund Larsson Grave () var ein norsk kontorist, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Høydalsmo i Telemark.
Grave var son til ein gardbrukar på Espetveit i Høydalsmo. Han var i teneste hos futen på Kviteseid, der han etter kvart vart kontorist og fullmektig. Så gifta han seg til garden Midbøen i Seljord, sidan var han gardbrukar på Grave i Seljord. Frå 1851 var han lensmann i Seljord. Han dreiv mykje med handel av gardar, og skal ha vore den rikaste mannen i Øvre Telemark.
Grave var medlem av heradsstyret i Seljord frå 1844, ordførar 1845 og 1849-51. Han var forlikskommissær frå 1850. Grave var mellom stiftarane av Seljord Sparebank, og var direktør i same i årevis.
Åsmund Grave var valmann i tretti år, 1847-76. Han vart vald til stortingsmann 1851-66. På Stortinget var han sekretær i budsjettkomiteen 1851-57 og 1859-63, visesekretær i Stortinget 1857-64, sekretær i Odelstinget 1859-66. Dessutan var han 1858 medlem av tollkomiteen, 1862-63 av skoglovskomiteen, 1865-66 av budsjettkomiteen. I 1862 var han med i deputasjonen som Stortinget sende til opninga av jarnbanen mellom Stockholm og Göteborg.
Han døydde på garden sin i Seljord i 1877.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Stortingsrepresentantar 1865-1867 Kategori:Folk frå Seljord Kategori:Folk frå Tokke Kategori:Norske gardbrukarar frå 1800-talet