Reinert Tobias Tønnesson Bergsager () var ein gardbrukar, skipper, skipsreiar og stortingsmann frå Lyngdal i Vest-Agder.
Bergsager var son av ein gardbrukar frå Austad sokn i Lyngdal. Sjølv var han i unge år skulehaldar. Sidan var han gardbrukar på Bergsager i Lyngdal, i tillegg skipper og skipsreiar, nokre år dreiv han også eit gjestgjeveri.
Han møtte på omframstortinget 1828 som 1. varamann frå Lister og Mandals amt, i staden for Ole Olsson Øveland. Til stortinga 1830 og 1833 var han 2. representant frå same valkrinsen, begge gongane medlem av tollkomiteen.
Han døydde på garden sin i Lyngdal i 1865.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1827-1829 Kategori:Stortingsrepresentantar 1830-1832 Kategori:Stortingsrepresentantar 1833-1835 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vest-Agder Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Lyngdal