Fredrik «Fritz» Hartvig Herman Wedel Jarlsberg () var ein norsk jurist og diplomat. Wedel Jarlsberg gjorde karrière i det norsk-svenske diplomatiet og spelte ei sentral rolle under unionsoppløysinga i 1905. Han har vorte vurdert som ein av Noregs viktigaste diplomatar i fyrste tredel av 1900-talet, og vart tilboden stillinga som utanriksminister tre gonger, og var også tiltenkt stillinga ved to andre høve.

Bakgrunn Fritz Wedel Jarlsberg var døypt Fredrik, men vart kalla Fritz, og brukte dessutan slekta sin barontittel, trass i at adelstitlar vart avskaffa i Noreg før han vart fødd. Han var son av hoffmarskalk Frederik (Fritz) Joachim Wedel Jarlsberg og Juliane Cathrine Wilhelmine Wedel Jarlsberg. Han vart gift fyrste gong i 1883 med Alice Thekla Louise von Wagner (1861–1913) og andre gong i 1916 med baronesse Mary von André, f. Palmer (1859–1941).

Han tok juridisk embetseksamen i 1879 og hadde ei lang karriere i utanrikstenesta. Han var sekretær i Utanriksdepartementet i Stockholm 1882, konstituert legasjonssekretær i Wien 1885, året etter i London der han i 1889 vart konstituert chargé d'affaires. Deretter var han sendemann (ambassadør) i Madrid 1891, Lisboa frå 1902 og København i 1905. Frå 1906 var han sendemann i Madrid og Lisboa (til 1921) og Paris (til 1930). I den tida han var sendemann i Paris skaffa han og kona seg ein privat bustad i den byen, og difor vart dei óg verande i byen til dei måtte røma frå dei tyske styrkane i 1940. Dei kom seg då til Lisboa, der dei så vart buande si siste tid.

I 1929 selde Wedel Jarlsberg eigedomen Skaugum til kronprins Olav for kr. 120 000. Det var lenge trudd at Skaugum var ei bryllaupsgåve til kronprinsparet, men i 2009 vart det avdekt at Kong Haakon måtte betale for overdraginga. Taksten var på kr. 550 000.«Måtte betale for Skaugum» Budstikka.no, 29. april 2009 Det vil seie at kongen fekk kjøpt eigedomen for ca en 1/4 av det den var verd, og at 3/4 av verdien var ei gåve.

Unionsoppløysinga Etter 7. juni-vedtaket i 1905 stilte Wedel Jarlsberg seg til disposisjon for regjeringa Michelsen og fungerte som regjeringa si utsending i København.

Under Karlstadforhandlingene arbeidde han for at stormaktene skulle vere klare til å gripe inn dersom det skulle kome til brot i forhandlingane. Seinare var han Noreg sin forhandlingsleiar i København i samband med valet av prins Carl til Noregs konge.

For innsatsen hadde Wedel Jarlsberg vorte lova posten som utanriksminister, men Løvland heldt fram i stillingen.Biografier på Nettsted 1905

Svalbardtraktaten Wedel Jarlsberg var forhandlingsleiar i Paris ved utarbeidinga av Svalbardtraktaten (Paristraktaten) av 1920 som gav Noreg suverenitet over Svalbard.Caplex.no

Wedel Jarlsberg Land på Svalbard er oppkalla etter han.Stadnamn på Svalbard og Jan Mayen. Norsk Polarinstitutt

Mount Wedel-Jarlsberg i Antarktis er kalla opp etter den første kona hans, Alice.

Utmerkingar Wedel Jarlsberg vart i 1892 utnemnd til riddar av St. Olavs Orden, forfremja til kommandør av 1. klasse i 1896 og i 1904 mottok han storkors, i 1925 utvida til storkors med kjede. Han var innehavar av Kroningsmedaljen 1906 og Kong Haakon VIIs jubileumsmedalje 1905–1930.

Han var også innehavar av ei rekke utanlandske ordenar:

Storkors av den danske Dannebrogordenen Riddar av 1. klasse av den badenske Zähringerløvas orden Storkors av den franske Æreslegionen Storkors av den portugisiske Vår kjære Frue av Villa Viçosas orden Storkors av den portugisiske Kristusordenen Storkord med stjerne av den portugisiske Tårn- og sverdordenen Storkors av den spanske Karl IIIs orden Storkors av den spanske Isabella den katolskes orden Kommandør av 1. klasse av den svenske Nordstjerneordenen Rettsriddar av den prøysiske Johanniter-ordenen Den austerrikske Jernkroneordenen av 3. klasse

Bibliografi 1932 – Reisen gjennem livet 1946 – 1905 : Kongevalget

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fritz Wedel Jarlsberg» frå , den 15. desember 2010. .

Fotnotar

Litteratur Amundsen, O. Delphin: Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847–1947. Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947. Andersen, Gordon: «Vår glemte kongemaker i 1905». I: Aftenposten, 21. mai 2005. (Les) Andersen, Roy: «Wedel Jarlsberg ble gjort til syndebukk». I: Aftenposten, 7. juni 2005. (Les) Berntzen, Arve B.: «Wedel Jarlsberg fortjener oppreisning». I: Aftenposten, 10. juni 2005. (Les) Bomann-Larsen, Tor: «Kongeplanen som kollapset». I: Aftenposten, 6. juni 2005. (Les) Bratberg, Terje: «Fritz Wedel Jarlsberg». I: Norsk biografisk leksikon, 2. utgave, 2002. (Les) Brekke, Jørgen: «Jakten på blått blod». I: Levende Historie, nr. 6 2009, s. 14–23. Hagen, Per Erik: «Måtte betale for Skaugum». I: Budstikka, 29. april 2009. (Les ) Kielland, T.: «Minister Wedel Jarlsberg». I: Samtiden, 1942.

Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Nordstjerneordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Dannebrogordenen Kategori:Norske diplomatar Kategori:Wedel-Jarlsberg-slekta Kategori:Folk tilknytt Svalbard