Gareth McAuley () er ein nordirsk fotballspelar som har spela i forsvar for Ipswich Town i engelsk Football League Championship og for det nordirske fotballandslaget.

McAuley spelte for diverse klubbar i Nord-Irland fram til han var 24 år gammal, sommaren 2005, då han vart profesjonell fotballspelar hjå Lincoln City i England. Han spelte to sesongar for Lincoln i League Two, fjerde høgste divisjon i England. Sommaren 2006 tok han steget opp til Leicester City i The Championship, nest høgste nivå. Då Leicester rykte ned etter 2007/08-sesongen, gjekk McAuley til Ipswich, og blei dermed verande i The Championship.

McAuley debuterte for Nord-Irland sitt A-landslag 4. juni 2005 i ein privatlandskamp mot Tyskland. Han skåra det første landslagsmålet sitt 11. februar 2009 i ein VM-kvalifiseringskamp borte mot San Marino.

Kategori:Nordirske fotballspelarar Kategori:Lincoln-spelarar Kategori:Leicester-spelarar Kategori:Ipswich-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016