Trevor Alfred Charles Jones () er ein sørafrikansk filmmusikkomponist.
Jones er fødd i Cape Town og hadde bestemt seg for å bli filmmusikkomponist allereie som femåring. I 1967 studerte han ved Royal Academy of Music i London med stipend, og etter det jobba han med radio- og fjernsynsmusikk for BBC i fem år. I 1974 starta han som student ved University of York der han tok ein mastergrad i film og mediamusikk. Etter det studerte han tre år til ved National Music and Television School.
I 1980 kom han i kontakt med filmskaparen John Boorman, og fekk skrive noko av filmmusikken til filmen Excalibur. Etter dette arbeidde Jones seg oppover, og har no komponert musikk til over 80 ulike prosjekt.
Filmmusikk av Trevor Jones (utval)
Excalibur (1981) The Dark Crystal (1982) Runaway Train (1985) Labyrinth (1986) Angel Heart (1987) Mississippi Burning (1988) Sea of Love (1989) By Dawn's Early Light (1990) Arachnophobia (1990) Freejack (1992) Den siste mohikaner (1992). Samarbeid med Randy Edelman. Cliffhanger (1993) I fars navn (1993) Kiss of Death (1995) Richard III (1995) Gulliver's Travels (1996) Loch Ness (1996) Brassed Off (1997) G.I. Jane (1997) Lawn Dogs (1997) Desperate Measures (1998) Dark City (1998) Merlin (1998) The Mighty (1998) Filmen Notting Hill\Notting Hill (1999) Cleopatra (1999), for TV. 13 dager (2000) From Hell (2001) Dinotopia (2002) (TV miniseries) The League of Extraordinary Gentlemen (2003) Jorden rundt på åtti dager (2004) Aegis (2005) Chaos (2005) Three and out (2008) Blood and oil (2010)
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Trevor Jones» frå , den 22. desember 2010.
Filmografi frå imdb.com
Kategori:Sørafrikanske filmmusikkomponistar Kategori:Folk frå Cape Town