Ffynnon Lloer (walisisk for kjelda til månen) er ein innsjø i Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales. Han ligg nedanfor fjelltoppane Pen yr Ole Wen og Carnedd Dafydd 678 meter over havet. Han dekkjer eit område på litt over 2 hektar.

Restane av to krigsfly, som styrta i 1942 og 1943, ligg i lia rundt innsjøen.

Elva Afon Lloer renn ut frå innsjøen og munnar ut i Llyn Ogwen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ffynnon Lloer» frå , den 23. desember 2010.

Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Geografi i Conwy