Llyn Padarn er ein innsjø i Snowdonia i Gwynedd, nord i Wales, og eit døme på ein bresjø. Innsjøen er om lag 3,5 km lang og 29 meter på det djupaste. I sørenden er han knytt til nabosjøen Llyn Peris. Den travle landsbyen Llanberis ligg på sørsida av vatnet.
Elva som renn ut frå Llyn Padarn på nordsida heiter Afon Rhythallt.
Padarn Country Park ligg på nordsida av sjøen med ein sjeldan vintereikskog. Både skogen og Llyn Padarn har status som Site of Special Scientific Interest.
Llanberis Lake-jernbanen går langs nordsida.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Llyn Padarn» frå , den 23. desember 2010.
Bakgrunnsstoff www.geograph.co.uk: bilete av Llyn Padarn og omliggande område
Kategori:Geografi i Gwynedd Kategori:Site of Special Scientific Interest i Wales Padarn