Juleglede (Begonia x cheimantha) er ei plante i begoniaslekta. Ho er ein hybrid mellom artane B. socotrana og B. dregei. Ho har rosa eller kvite blomar, og er rekna som den eldste norske juleblomen. Planta kan også kallast julebegonia, men dette kan også visa til andre begoniatypar som Begonia hiemalis.

Opphav mini|venstre|Juleglede avbilda i amerikanske The Florists' Review frå 1912 med biletteksten «The Lorraine Begonia Never Loses its Popularity With the Better Class of Christmas Flower Buyers».

Den første kjende kryssinga vart gjort i Frankrike i 1891. Victor Lemoine kryssa den sørafrikanske arten B. dregei, med B. socotrana frå øya Socotra i Jemen. Dei nye plantene vart kalla B. 'Gloire de Lorraine'. I delar av Europa går derfor hybriden under namnet Lorraine begonia.

I Skandinavia fekk planta namnet julebegonia eller juleglede. Ho er ei sesongpotteplante som kjem på marknaden 7-8 veker før jul.

Seinare er det utført vidare dyrkearbeid der ein har sjølvpollinert planter, kryssa tilbake med foreldretypæn eller ved å ta stiklingar av særeigne plantedelar. Det er særleg gjort mykje arbeid med planta i Skandinavia. Dei norske plantane kjem alle frå same kjelda, sorten 'Marina' som blei registert i 1948.

'Gloire de Lorraine' kan vera ei vanskeleg plante å dyrka, men har vore eit godt utgangspunkt for andre hybridar, som B. ‘Glory of Cincinnati’ og B. ‘Konkurrent’.

Bruk av juleglede i dag Den norske produksjonen er på om lag 1 million plantar, men julestjerne (Poinsettia) har teke over ein stor del av marknaden slik at salet av juleglede er merkbart mindre enn tidlegare. Planta føretrekk jamn fukt, mykje lys og eit inneklima som ikkje er for varmt.

Kjelder

Hvoslef-Eide, A.K., Fjeld, T. og Einset, J.W. 1995. BREEDING CHRISTMAS BEGONIA (BEGONIA X CHEIMANTHA EVERETT) FOR INCREASED KEEPING QUALITY BY TRADITIONAL AND BIOTECHNOLOGICAL METHODS. Acta Hort. (ISHS) 405:197-204

Kategori:Juleplantar Kategori:Begonia