Vombatar (wombatar) er ei biologisk gruppe kortbeinte, muskuløse pungdyr som går på alle fire bein. Dei blir omtrent ein meter lange, kan vege meir enn 30 kilo, og har ein veldig kort hale. Namnet vombat kjem frå eit av språka til dei australske urinnvånarane.

Åtferd Vombatene grev store holesystem med gnagar-aktige fortenner og kraftige klør. Dei er først og fremst skumrings- og nattaktive, men kjem ut for å leite etter mat på kjølige eller overskya dagar. Dei er vanskelegare å få auge på enn mange andre dyr, men etterlèt seg tydelege spor. Gjerder vert ikkje rekna som noka stor utfordring, vombatene grev seg lett under eller gjennom slike hinder. Dei etterlèt seg òg særprega kubisk lort.

Vombatar er planteetarar, og et stort sett gras, halvgras, urter, bork og røter.

Vombatar og menneske Vombater er ikkje redde for menneske, og einskilde har difor med eit visst hell prøvt å temme dei. Dei eignar seg likevel dårleg som husdyr. Dei er ikkje spesielt sosiale frå naturen si side. Dei er sterke, og raske, og kan lett velte ein vaksen mann. Dei har skarpe tenner, og dei kan bli aggressive viss dei blir provosert eller berre er i dårleg humør.

Slekter og artar

Vombatus Vombatus ursinus Lasiorhinus Lasiorhinus latifrons Lasiorhinus krefftii †Rhizophascolomus †Phascolonus †Warendja †Ramasayia

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Vombater» frå , den 24. desember 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pungdyr Kategori:Dyr i Australia