mini|Chiltern Hills nær Nettlebed Chiltern Hills er ein kalksteinsrygg i Søraust-England. Dei vert lokalt kalla «the Chilterns». Ein stor del av åsane vart erklært Area of Outstanding Natural Beauty i 1965.

The Chilterns strekkjer seg 75 km sørvest til nordaust frå Goring-on-Thames i Oxfordshire, gjennom Buckinghamshire, via Dunstable Downs og Deacon Hill i Bedfordshire, til nær Hitchin i Hertfordshire.Chiltern Society, The Chilterns .

Grensa mellom åsane er tydeleg definert på nordvestsida av ein bratt skrent, medan åsane glir meir forsiktig over i landskapet i søraust.L. W. Hepple and A. M. Doggett, The Chilterns, 2nd ed, Phillimore, 1994, ISBN 0-85033-833-6, page 7. På liknande måte markerer Themsen ei tydeleg grense i sørvest, medan dei nordaust for Luton går slakt ned mot landskapet kring.

Ryggen har skapt ein naturleg veg gjennom landskapet, og den romerske vegen Icknield Way følgjer same linje.

Busetnader Fram til jernbanen og seinare bilvegane kom, var Chilterns hovudsakleg eit landleg område med småbyar langs hovudvegen gjennom åsane. Plasseringa til åsane, nordvest for London, har ført til at store vegar, jernbanelinjer og kanalar er ført gjennom åsane. Desse vart plasserte i høvande dalar, som High Wycombe, Hemel Hempstead, og dette førte til at folk busette seg i området.

Byar og landsbyar i området Aldbury, Amersham, Apsley, Ashridge Barton-le-Clay, Beaconsfield, Bellingdon, Berkhamsted, Bledlow Ridge, Bovingdon, Bradenham, Breachwood Green, Buckland Common Caddington, Chalfont St Giles, Chalfont St Peter, Chartridge, Chesham, Chinnor, Chiltern Green, Christmas Common, Cholesbury Dunsmore, Dunstable Edlesborough, Ellesborough Fawley, Fingest, Flackwell Heath, Frieth Gerrards Cross, Goring-On-Thames, Great Kingshill, Great Missenden, Great Hampden, Great Offley Halton, Hambleden, Hawridge, Hemel Hempstead, Henley-on-Thames, Hexton, High Wycombe, Hitchin, Hughenden Ibstone Jordans Kensworth Lane End, Ley Hill, Little Chalfont, Little Kingshill, Little Missenden, Little Gaddesden, Lilley, Luton Markyate, Marlow, Medmenham Naphill, Nettlebed, Nuffield, Oxfordshire Pishill, Princes Risborough, Prestwood, Redbourn Skirmett, Sharpenhoe, Shiplake, Southend, Speen, St Leonards, Stokenchurch, Stonor, Streatley (Beds).Studham Thame, Tring, Turville Walter's Ash, Watlington, Wendover, West Wycombe, Whitwell, Whipsnade, Wigginton, Woodcote

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Chiltern Hills» frå , den 25. desember 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Chilterns Conservation Board Chiltern Society Kimpton Flood (When Chalk Streams turn bad!)

Kategori:Areas of Outstanding Natural Beauty i England Kategori:Åsar i Bedfordshire Kategori:Åsar i Buckinghamshire Kategori:Åsar i Hertfordshire Kategori:Åsar i Oxfordshire Kategori:Verneområde i Bedfordshire Kategori:Verneområde i Buckinghamshire Kategori:Verneområde i Oxfordshire Kategori:Verneområde i Hertfordshire