Symfoni Nr. 1 i Ess-dur, KV. 16, vart skriven i 1764 av Wolfgang Amadeus Mozart då han berre var åtte år gammal. ISMN M-006-20466-3 På denne tida var han alt kjend i Europa som eit vedunderbarn, men hadde komponert lite musikk.

Bakgrunn Stykket vart skriven under danningsreisa til Mozart-familien i Europa i London, då dei møtte flytte til Chelsea sommaren 1764 etter at faren Leopold vart sjuk.Sadie, Stanley, Mozart: The Early Years 1756-1781, s 64-65, Oxford University (2006), ISBN 978-0198165293 Huset ved 180 Ebury Street, som i dag ligg i Westminster, der symfonien vart skriven, er markert med ein plakett. Symfonien vart første gong framført den 21. februar 1765. Verket syner påverknad frå fleire komponistar, mellom anna faren og sønene til Johann Sebastian Bach, særleg Johann Christian Bach, som var ein tidleg viktig symfonikomponist som Mozart hadde møtt i London.

Det signerte partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków.

Struktur Symfonien er skriven for eit orkester av to oboar, to horn og strykarar (vanlegvis første og andre fiolin, bratsjar, celloar og kontrabassar). Han er bygd opp av tre satsar, ein rask, ein langsam og ein rask att. Molto allegro, 4/4 Andante, 2/4 i C-moll Presto, 3/8

Fil:Mozart-k16-1-theme.png

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 1 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

01 Kategori:Musikk i 1764