Symfoni nr. 9 i C-dur, K. 73, av Wolfgang Amadeus Mozart, har eit visst ukjend opphav. Truleg vart verket skrive seint i 1769 eller i 1770 under den første reisa hans til Italia, sjølv om enkelte musikkforskarar meiner at han truleg ikkje vart skriven før tidleg på sommaren 1772.Zaslaw, s.166–69 Han kan ha vorte påbyrja i Salzburg før den første italienske reisa starta, og så gjort ferdig under reisa. Symfonien er i fire satsar, og er den første til Mozart i C-dur. Ein kjenner ikkje til når Mozart framførte denne symfonien første gongen heller. Det signerte partituret er i dag bevart i Biblioteka Jagiellońska i Kraków. ISMN M-006-20466-3
Satsar og instrumentering
Symfonien er instrumentert for 2 fløyter, 2 oboar, fagott, 2 horn, 2 trompetar, pauke, cembalo og strykarar. Han er i fire satsar.
Allegro, 4/4 Andante, 2/4 Menuett and Trio, 3/4 Molto allegro, 2/4
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 9 (Mozart)» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Zaslaw, Neal: Mozart's Symphonies: Context, Performance Practice, Reception OUP, Oxford 1991 ISBN 0-19-816286-3
Bakgrunnsstoff
09