Symfoni nr. 38 i D-dur, K. 504, vart komponert av Wolfgang Amadeus Mozart seint i 1786. Han hadde premiere i Praha den 19. januar 1787,Deutsch 1965, 285 ISMN M-006-20466-3 eit par veker etter at Le nozze di Figaro opna der, og vert populært kalla Praha-symfonien. Mozart har sjølv skrive 6. desember 1786 på det signerte partituret.

Andre verk skrivne av Mozart om lag på same tid er pianotrio i B-dur (K. 502, fullført 18. november 1786, og pianokonsert nr. 25 (K. 503), fullført 4. desember 1786.

Praha

Sjølv om populariteten til Mozart hos innbyggjarane i Wien gjekk opp og ned, var han alltid populær hos bøhmarane og han hadde ein fast tilhengjarskare i Praha. Eit stykke i Prager Neue Zeitung der tid etter Mozart døydde syner dette: «Mozart ser ut til å ha skrive for folket i Bøhmen. Ingen stad forstår ein musikken hans betre enn i Praha, og sjølv på landsbygda er musikken hans høgt verdsett.»

Form

Praha-symfonien er instrumentert for to fløyter, to oboar, to fagottar, to horn, to trompetar, pauke og strykarar.

Verket har tre satsar:

Adagio—Allegro, 4/4 (Sonateform) Andante i G-dur, 6/8 (Sonateform) Finale (Presto), 2/4

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 38 (Mozart)» frå , den 28. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Deutsch, Otto Erich (1965) Mozart: A Documentary Biography. Stanford, California: Stanford University Press. Einstein, Alfred. Mozart, his Character, his Work. London: Oxford University Press. 1945. Translated from the German by Arthur Mendel and Nathan Broder. LCCN 45001487. Girdlestone, Cuthbert. Mozart and his Pianokonserts. New York: Dover Publications. 1964 republication. "An unabridged and corrected republication of the second (1958) edition of the work first published i 1948 by Cassell & Company, Ltd., London, under the title Mozart's Pianokonserts." Translation of Mozart et ses concertos pour piano. ISBN 0-486-21271-8 (pbk.)

Bakgrunnsstoff

38 Kategori:Musikk i 1786