mini|Mozart i 1777, same året som konserten. Målt i Bologna av ein ukjend kunstnar Pianokonsert nr. 9 «Jeunehomme» i Ess-dur, K. 271, av Wolfgang Amadeus Mozart vart skriven i Salzburg i 1777, då Mozart var 21 år gammal.
Verket har lenge vore kjend som «Jeunehomme-konserten». Det vart sagt at Mozart skreiv stykket for den franske pianisten Jeunehomme då ho vitja Salzburg. Musikkvitarane har derimot ikkje klart å identifisere kvinna som han skreiv stykket for. I nyare tid har Michael Lorenz hevda at kvinna var Victoire Jenamy (1749-1812), dottera til Jean-Georges Noverre, ein kjend dansar som var ein av dei beste venene til Mozart.Michael Lorenz, "»Mademoiselle Jeunehomme« Zur Lösung eines Mozart-Rätsels", Mozart Experiment Aufklärung, (Essays for the Mozart Exhibition 2006) Da Ponte Institut, Wien 2006, s. 423-29.
Struktur Verket er skrive for piano, to oboar, to horn og Strykarar.
Det består av tre satsar:
Allegro, i Ess-dur og vanleg (C) takt Andantino, i C-moll Rondo (Presto), i Ess-dur
Mottaking
Kritikarane talar ofte varmt om dette verket. Charles Rosen har kalla det «kanskje det første utvetydige meisterverket i klassisismen».Rosen 1997, 59 Alfred Brendel har kalla det «eit av dei store underverka i verda». Alfred Einstein kalla det «Mozarts Eroica».
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Piano Concerto No. 9 (Mozart)» frå , den 29. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Girdlestone, Cuthbert (1964) Mozart and his piano concertos. New York: Dover Publications. Rosen, Charles (1997) The Classical Style: Haydn, Mozart, Beethoven. Norton: New York. Rosen's discussion of the work appears on s. 59-60.
Bakgrunnsstoff
Michael Lorenz: The Jenamy Concerto
09 Kategori:Musikk i 1777