Johann Sebastian Bach () var ein tysk komponist og organist under barokken. Han vert av mange rekna som ein av dei største komponistane nokon gong, men i samtida var han best kjent som ein stor orgel- og cembalovirtuos.
Dei religiøse og verdslege verka hans for kor, orkester og soloinstrument prega barokkmusikken og vart eit høgdepunkt i perioden. Sjølv om Bach ikkje introduserte nokon nye musikkformer, gjorde han den rådande tyske stilen rikare med ein robust kontrapunktisk teknikk, ei tilrettelegging av harmoniar og motiv frå den minste til den største skala og rytmar og struktur frå utlandet, særleg Italia og Frankrike.
Verka til Bach er akta for den intellektuelle djupna, den tekniske kvaliteten og den kunstnariske venleiken, og omfattar mellom anna dei seks Brandenburgkonsertane, Goldbergvariasjonane, Engelske suitar, Franske suitar, Partitaer og Det veltempererte klavéret, samt Messe i h-moll, Matteuspasjonen, Musikalisches Opfer, Die Kunst der Fuge, Sonatar og partitaer for fiolin, Seks cellosuitar, kyrkjekantatar der 220 av dei er bevart og tilsvarande mange verk for orgel, av dei den kanskje mest kjente orgelkomposisjonen i dag, «Toccata og fuge i d-moll».
Verka hans har gjeve inspirasjon til fleire seinare europeiske komponistar. Bach overlevde barokkperioden og musikken hans vart rekna som umoderne då han døydde. Dei harmonisk komplekse og fleirstemte komposisjonane i barokken stod i sterk kontrast til den enklare, einstemte musikken i wienerklassisismen. Etter at komponisten døydde, vart musikken hans nesten gløymt. Musikken til Bach vart gjenoppdaga på 1800-talet då Felix Mendelssohn-Bartholdy oppførte Matteuspasjonen i Berlin i 1829. Han var òg sentral i utbreiinga av musikken til Bach. I 1850 vart det oppretta eit Bach-selskap.
Livsskildring
Barndom (1685-1703) Johann Sebastian Bach vart fødd i Eisenach i Thüringen, som no er ein del av Tyskland. Han var det yngste barnet til Johann Ambrosius Bach, ein organist ved St. Georg-kyrkja og Maria Elisabetha Lämmerhirt Bach, dotter av ein buntmakar og byrådsmedlem. Far hans lærte han å spele fiolin og cembalo.Malcolm Boyd, Bach (New York: Oxford University Press, 2000), 6 Onklane hans var alle profesjonelle musikarar; mellom anna kyrkjeorganistar, kammermusikarar ved hoffet og komponistar. Onkelen Johann Christoph Bach var særskild kjend og introduserte han for kunsten å spele orgel. Bach var stolt av den musikalske familien sin og kring 1735 laga han eit utkast til ei slektstavle, «Opphavet til den musikalske Bach-familien».Trykt omsetjing av The Bach Reader (ISBN 0-393-00259-4)
Mor til Bach døydde i 1694 og far hans berre åtte månader seinare.Russell H. Miles, Johann Sebastian Bach: An Introduction to His Life and Works (Englewood Cliffs, New Jersey: Prentice-Hall, Inc, 1962), 8. Det ti år gamle foreldrelause barnet flytta inn med den eldste bror sin, Johann Christoph Bach, organisten ved det nærliggande Ohrdruf.Malcolm Boyd, Bach (New York: Oxford University Press, 2000), 7-8. Der kopierte, studerte og framførte Johann Sebastian musikk og mottok verdifull lærdom frå bror sin, som gav han opplæring i klavikordspel. Broren viste han verka til dagens store komponistar frå sør i Tyskland, som Johann Pachelbel (som Johann Christoph hadde studert under)Christoph Wolff, Johann Sebastian Bach: The Learned Musician (New York: W.W. Norton and Company, Inc., 2000), 19. og Johann Jakob Froberger, kanskje til musikken av komponistar frå nord i Tyskland, til franskmenn, som Jean-Baptiste Lully, Louis Marchand, Marin Marais, og til den italienske klaviaturspelaren Girolamo Frescobaldi. Nekrologen til Bach indikerer at han kopierte musikken frå notane til Johann Christoph, men bror hans hadde ikkje gjeve han løyve til å gjere slik, truleg fordi notane var kostbare og private handelsvarer på den tida.
Saman med den eldre skulekameraten George Erdmann, vann Bach eit korstipend for å studere ved den prestisjefylte St. Mikael-skulen i Lüneburg, ikkje langt frå Hamburg. Bach var då fjorten år gammal. Dette innebar ei lang reise med venen, truleg gjort delvis til fots og delvis ved hjelp av hestetransport. Dei to åra hans der ser ut til å ha vore viktig for å få vidare kjennskap med europeisk kultur enn han ville ha erfart i Thüringen. Forutan å synge i a cappella-koret, spelte han truleg orgel og cembalo på skulen. Han lærte truleg fransk og italiensk og fekk eit solid grunnlag i teologi, latin, historie, geografi og fysikk. Han kom i kontakt med søner av nordtyske adelsmenn, sende til den høgst selektive skulen for å førebu seg på karrierar innan diplomati, regjering og militæret. Det er truleg at han hadde viktig kontakt med organistar i Lüneburg, særleg Georg Böhm og at han vitja fleire av dei i Hamburg, mellom andre Johann Adam Reincken og Nicolaus Bruhns.Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 13. Gjennom desse musikarane fekk han truleg tilgang til dei største og prektigaste instrumenta han hadde spelt på så langt. Det er truleg at han under denne perioden vart kjent med musikken frå den nordtyske orgelskulen, særleg verka til Dietrich Buxtehude og desse musikkmanuskripta og avhandlingane om musikkteori til desse musikarane.
Frå Arnstadt til Weimar (1703-08) mini|St. Bonifatius-kyrkja i Arnstadt mini|Mühlhausen 1650 Kort etter eksamenen hans i januar 1703, like etter at han ikkje hadde kome gjennom ei prøvespeling ved Sangerhausen, fekk Bach ei stilling som hoffmusikar i kapellet til hertug Johann Ernst i Weimar, ein storby i Thüringen. Det er usikkert kvifor han virka her, men det let til at Bach hadde ikkje-musikalske plikter i tenarskapet. I løpet av dei sju månadane hans i Weimar vart hans ry som tangentspelar spreidd. Han vart invitert til å mønstre og gje innviingskonsert på det nye orgelet ved St. Bonifatius-kyrkja i Arnstadt.Jan Chiapusso, Bach’s World (Scarborough, Ontario: Indiana University Press, 1968), 62. Bach-familien hadde tette samband med denne eldste byen i Thüringen, omkring 180 kilometer sørvest for Weimar.Karl Geiringer, Johann Sebastian Bach: The Culmination of an Era (New York: Oxford University Press, 1966), 16-17. I august 1703 tok han stillinga som organist ved denne kyrkja, med enkle plikter, ei relativt sjenerøs løn og eit lekkert nytt orgel stemt etter eit moderne system som tillét bruk av ein vid skala tangentar. På denne tida var Bach oppteken av dei seriøse preludiekomposisjonane; desse verka viste alt stram motivisk kontroll i den nordtyske virtuose tradisjon, der ein enkelt kort musikkidé vert utforska med overtyding gjennom éin sats. I desse verka hadde ikkje komponisten enno utvikla seg fullt ut.
Sterke familieband og ein musikalsk entusiastisk arbeidsgjevar hindra ikkje spenning mellom den unge organisten og autoritetane etter fleire år i stillinga. Han var openbert ikkje tilfreds med standarden til songarane i koret; meir alvorleg var det uautoriserte fråværet hans frå Arnstadt i fleire månadar i 1705-06, då han vitja den store meisteren Dietrich Buxtehude og hans Abendmusik i den nordlege byen Lübeck. Denne velkjente hendinga i livet åt Bach gjorde at han gjekk omkring 400 kilometer kvar veg for å få vere saman med mannen han truleg såg som farsfiguren for tyske organistar. Turen styrkte stilen til Buxtehude og var eit grunnlag for dei tidlege verka til Bach. At han vart fleire månader lengre enn det han planla, tyder på at tida med den gamle mannen var av stor verdi for den skapande evna til Bach.
Trass i ei makeleg stilling i Arnstadt ser Bach ut til i 1706 å ha vorte klar over at han måtte frigjere seg frå familiemiljøet og kome seg vidare for å styrke karrieren sin. Han fekk tilbodet om ei meir lønsam stilling som organist i St. Blasius-kyrkja i Mühlhausen, ein stor og viktig by i nord. Året etter tok han opp leiarstillinga i kyrkja med langt betre betaling og vilkår, samt eit godt kor. Fire månader etter å ha kome Mühlhausen, gifta han seg med tremenningen sin frå Arnstadt, Maria Barbara Bach. Saman fekk dei sju barn, der fire overlevde til vaksen alder. To av dei — Wilhelm Friedemann Bach og Carl Philipp Emanuel Bach — vart viktige komponistar i wienerklassisismen som følgde barokken.
Kyrkja og byrådet i Mühlhausen må ha vore stolte av sin nye musikkleiar: Raskt samtykte dei i planen hans om ei kostbar renovering av orgelet i St. Blasius-kyrkja og gleda seg så over den gjennomarbeida, muntre kantaten han skreiv for innviinga av det nye bystyret i 1708 — Gud er min konge (Gott ist mein König) BWV 71, i tydeleg Buxtehude-stil — at dei betalte kosteleg for forkynninga og to gonger i seinare år henta komponisten tilbake for å framføre den. Det same året fekk Bach likevel tilbodet om ei betre stilling i Weimar.
Weimar (1708–17) mini|Stader der Bach oppheldt seg gjennom livet Etter eit knapt år i Mühlhausen forlet Bach byen for å bli hofforganist og konsertmeister i det hertugelege hoffet i Weimar; ein stor skilnad frå den tidlegare stillinga hans der. Den rundhanda løna ved hoffet og høvet til å jobbe utelukkande med ei stor gruppe profesjonelle musikarar kan ha påverka trekket. Familien flytte inn i eit husvære berre fem minuttars gange frå hertugpalasset. I det følgjande året vart det første barnet deira født og dei kom saman med Maria Barbara si eldre, ugifte søster, som vart verande med dei for å vere hjelpe til i huset heilt ho døydde i 1729. I Weimar vart òg dei to musikalsk viktige sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel Bach født.
mini|venstre|Eit tvilsamthttp://www.npj.com/thefaceofbach/09w624.html portrett av Bach som ung mann Stillinga til Bach i Weimar markerte byrjinga på ein langvarig periode der han komponerte tangent- og orkesterverk og hadde oppnådd teknisk dugleik og sjølvtillit som komponist til å utvide den rådande storstilte oppbygginga og samanfatte påverknader frå utlandet. Frå musikken til italienarane som Vivaldi, Corelli og Torelli lærte han å skrive dramatiske opningar og tok i bruk disposisjonane deira, dynamiske rytmar og bestemte harmoniar. Bach lærte seg desse stilistiske aspekta overvegande ved å transkribere for cembalo og orgel ensemblekonsertane til Vivaldi; desse verka er framleis konsertfavorittar. Han kan ha teke opp ideen å transkribere den seinaste mondéne italienske musikken frå prins Johann Ernst, ein av arbeidsgjevarane hans, som var ein musikar av profesjonelt kaliber. I 1713 vendte greven tilbake frå ei reise i Nederlanda med ei stor manuskriptsamling, nokre av dei kanskje transkripsjonar av den blinde organisten Jan Jacob de Graaf. Bach var særleg tiltrekt av den italienske solo-tutti-strukturen, der ein eller fleire soloinstrument vekslar seksjon for seksjon med heile orkesteret gjennom ein sats. Desse italienske særprega kan ein høyre i utdraget under, i preludiet til Engelsk suite nr. 3 for cembalo (1714).
I Weimar hadde Bach høve til å spele og komponere for orgelet og å framføre eit variert repertoar av konsertmusikk med ensemblet til hertugen. Den meisterlege kontrapunktiske teknikken til Bach og den solide produksjonen av fuger starta i Weimar. Den største fugesamlinga hans er Det veltempererte klavér (Das wohltemperierte Clavier).Jan Chiapusso, Bach’s World (Scarborough, Ontario: Indiana University Press, 1968), 168. Den består av 48 preludium og fuger, to i kvar toneart.Albert Schweitzer, J. S. Bach: Volume I (New York: The Macmillan Company, 1950), 337. Dette er eit monumentalt verk for den meisterlege bruken av kontrapunkt. For første gong tok eitt verk i bruk alle tangentane på instrument stemt ifølgje system som Andreas Werckmeister sitt.
Under tenesta si i Weimar byrja Bach å arbeide på Den vesle orgelboka (Orgelbüchlein) for den eldste sonen, Wilhelm Friedemann; denne inneheld tradisjonelle lutherske koralar, sett i komplekse strukturar for å vere hjelpeleg med opplæring av organistar. Boka illustrerer to store tema i livet til Bach: entusiasmen hans for å undervise og kjærleiken hans til koralen som musikkform.