«The One» er ein electropopsong av den australske songaren Kylie Minogue frå det tiande studioalbumet hennar, X (2007). Songen vart skriven av Kylie Minogue, Richard Stannard, James Wiltshire, Russell Small, John Andersson, Johan Emmoth og Emma Holmgren. Songen vart utgjeven som den fjerde og siste offisielle singelen frå albumet.
Songen vart nummer 36 på salslista i Storbritannia. Sjølv om han ikkje vart utgjeven som singel i USA, vart songen vald som ein av dei ti beste poplåtane i 2008.
Musikkvideo Musikkvideoen til songen hadde premiere på nettsida hennar i august 2008. Han startar med eit dansarpar som virvlar rundt med ein kaleidoskopisk effekt av ljos i bakgrunnen. Den første utsjånaden til Minogue er med langt og slett blondt hår. Ho blir deretter vist kledd i eit glamorøst antrekk med krølla hår.
Format og sporliste Britisk Promo CD «The One» – 4:05 «The One» (Freemasons Edit) – 3:41
Britisk iTunes CD «The One» – 4:05 «The One» (Freemasons Vocal Club Mix) – 9:14
Australsk iTunes CD «The One» – 4:05 «The One» (Freemasons Vocal Club Mix Edit) – 3:42 «The One» (Freemasons Vocal Club Mix) – 9:14
Topplisteplasseringar Toppliste (2008)ListeplasseringBelgia (Ultratip Flandern)7Belgia (Ultratip Vallonia)15Tsjekkia (Rádio Top 100)38Ungarn (Rádiós Top 40)26New Zealand (RIANZ)2Slovakia (Rádio Top 100)6Storbritannia (UK Singles Chart)36
Utgjevingshistorie LandDatoFormatPlateselskapStorbritannia28. juli 2008Digital downloadParlophoneNew Zealand22. september 2008Warner Music AustralasiaEuropa7. oktober 2008EMIAustralia20. oktober 2008Warner Music Australasia
Kjelder Denne artikkelen bygger på «The One (Kylie Minogue-sang)» frå , den 30. desember 2010.
Bakgrunnsstoff Songteksten på MetroLyrics
Kategori:Kylie Minogue-songar Kategori:Songar frå 2007 Kategori:Singlar frå 2008 Kategori:Songar skrivne av Kylie Minogue