Parismetroen er tunnelbanen i den franske hovudstaden Paris. Banen var opphavleg kjent under namnet Chemin de Fer Métropolitain ('storbyjernbane') og deretter Métropolitain, som raskt vart forkorta til Métro. Parismetroen er den tredje lengste i Vest-Europa, etter undergrunnsbanane i London og Madrid.
Systemet består av 16 linjer, nummererte frå 1 til 14, med tillegg av to korte linjer kalla «3bis» og «7bis», danna som sidebanar med utspring i linje 3 og 7.
mini|Stasjonen Madeleine på linje 12. mini|Tog på linje 1.
Tekniske data mini|Gummihjul på somme av linjene gjer dei stillegåande. 213 km skjener, meir enn 300 stasjonar høgrekøyring kvar linje har eigne plattformer, sjølv på stasjonar der ein har overgang til andre linjer alle tog stansar ved alle stasjonane på linja sporvidda er 1,435 m (normalspor), akkurat som toga på det franske hovudbanenettet. Derimot er vognene smalare, så metroen kan køyre på hovudbanenettet, men ikkje omvendt elektrisk kraft blir henta frå ei strømskjene. Spenninga er 750 V DC gjennomsnittleg avstand mellom stasjonane er ca. 300 m linje 1, 4, 6, 11 og 14 køyrer på gummihjul linje 14 er førarlaus (heilautomatisk drift) lengda på toga varierer frå linje til linje (3 til 6 vogner er vanleg) avhengig av mengda av passasjerar. Alle tog på same linje har alltid like mange vogner
Ein enkeltbillett gjev reisande så mange overgangar dei vil innan ein to-timarsperiode. Toga går frå ca. fem om morgonen til klokka eitt om natta, heile året.
Metrosystemet vart komplementert med eit nettverk av forstadsbanar RER (Réseau Express Régional), frå 1970-talet.
Linjeoversikt + Linjeoversikt for metroen i Paris Linje Opna Lengde Stasjonar La Défense - Grande Arche ↔ Château de Vincennes 1900 16,5 km 25 Porte Dauphine ↔ Nation 1900 12 km 25 Pont de Levallois - Bécon ↔ Gallieni 1904 12 km 25 Porte des Lilas ↔ Gambetta 1921 1,3 km 4 Porte de Clignancourt ↔ Mairie de Montrouge 1908 12,1 km 27 Bobigny - Pablo Picasso ↔ Place d'Italie 1906 14,5 km 22 Charles de Gaulle - Étoile ↔ Nation 1900 13,5 km 28 La Courneuve - 8. mai 1945 ↔ Mairie d'Ivry/Villejuif - Louis Aragon 1910 22,5 km 38 Louis Blanc ↔ Pré Saint-Gervais 1911 3 km 8 Balard ↔ Créteil - Préfecture 1913 22 km 37 Pont de Sèvres ↔ Mairie de Montreuil 1922 20 km 37 Boulogne Pont de Saint-Cloud ↔ Gare d'Austerlitz 1913 12 km 23 Mairie des Lilas ↔ Châtelet 1935 6,5 km 13 Front Populaire ↔ Mairie d'Issy 1910 15,3 km 29 Châtillon - Montrouge ↔ Saint-Denis - Université/Gabriel Péri Asnières - Gennevilliers 1911 21 km 30 Saint-Lazare ↔ Olympiades 1998 9 km 9
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Paris Metro» frå , den 1. januar 2011.
Bakgrunnsstoff
Offisiell nettstad Panoramiske bilde av nokre av dei vakraste stasjonane på Parismetroen (på fransk) Nettstad for offentleg transport innan Paris (på fransk) Generell informasjon om Parismetroen (på engelsk) Kart over metro- og forstadstoglinjene A Railfan's Guide to the Paris Métro (på engelsk)
Kategori:T-bane
Kategori:Transport i Paris