Djibouti (utt. dʒibˈu:ti) er hovudstaden og den største byen i republikken Djibouti i Aust-Afrika. Han ligg på ei halvøy mellom Tadjourabukta og Adenbukta nær innlaupet til Raudehavet. I 2018 hadde byen innbyggjarar.

Historie

Byen Djibouti vart grunnlagd i 1888, og vart i 1892 gjort til hovudstad i Fransk Somaliland i staden for Tadjoura. Mellom 1967 og 1977 var byen hovudstad i det franske Afar- og Issar-området før han vart hovudstad i republikken Djibouti i 1977.

Transport

Djibouti er ein viktig handelsby, og hamna har store anlegg for forsyningar og bunkring. Hamna vert også brukt til fiske og ferjeruter herifrå til Tadjoura og Obock. Det går også jarnbane frå byen til Addis Abeba i Etiopia, noko som er svært viktig for økonomien til byen. Den internasjonale lufthamna Ambouli ligg også i byen.

Anna

I Djibouti finst også eit akvarium, ein stor marknadsplass, nasjonalstadionet Stade du Ville, presidentpalasset i landet og Hamoudi-moskéen.

Galleri

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Djibouti (city)» frå , den 4. januar 2011.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Hovudstader i Afrika Kategori:Busetnader grunnlagde i 1888 Kategori:Byar i Djibouti