Nils Nilssen Hilsen () var ein norsk lærar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Hans Nilssen Gubberud var bror hans.

Hilsen var son til ein gardbrukar og tidlegare lærar i Snarum sokn i Modum. Sjølv var han utdanna til lærar hos soknepresten i prestegjeldet. I den lange perioden 1821 til 1872 var han kyrkjesongar i alle tre kyrkjesokna i Lier; Frogner, Tranby og Sylling. I yngre år var han ei tid også lærar for konfirmerte gutar i Lier. Han hadde ei mengd kommunale verv, mellom anna var han ordførar i Lier, forlikskommissær og sparebankdirektør.

Hilsen representerte Buskeruds amt på Stortinget i 1848 og 1854-64. I 1848 var han medlem av kyrkjekomite nr 1. Frå 1854 var han medlem av Lagtinget på alle seinare tingsamlingar. I tillegg var han 1854 med i bankkomiteen, 1857 i kyrkjekomiteen, 1859-60 og 1862-63 i vegkomiteen og 1864 i jarnbanekomiteen.

Hilsen døydde på klokkargarden Heg i Lier i 1872.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar 1859-1861 Kategori:Stortingsrepresentantar 1862-1864 Kategori:Folk frå Lier Kategori:Folk frå Modum