Landsdel er ein del av eit land som gjerne er like stor som eller større enn den største innanlandske administrasjonsinndelinga.
Landsdelar i Noreg
Noreg har fem landsdelar som er Nord-Noreg, Trøndelag, Vestlandet, Austlandet og Sørlandet. De fire siste reknast som landsdelar i Sør-Noreg. Øygruppa Svalbard og øya Jan Mayen, som òg er delar av Noreg, blir ikkje rekna til nokon landsdel, sidan dei norske landsdelane tradisjonelt sett berre er knytt til fastlandet. Namnet Sørlandet vart først nytta av forfattaren Vilhelm Krag i 1902. Før den tid vart området omtalt som Agder og rekna som ein del av landsdelen Vestlandet. Det nye omgrepet Midt-Noreg har ikkje ei veldefinert geografisk avgrensing, men inkluderer oftast delar av Vestlandet og heile Trøndelag og i somme tilfelle òg tilgrensande område i Nord-Noreg og Austlandet.
Fylka er fordelt slik på landsdelane: 230px Landsdel Folkmengd (1.4 2008Folketalsendringar i følgje ssb.no) Areal (km²) Tal på fylke Fylke Nord-Noreg 462 331 112 946 3 Nordland, Troms og Finnmark Trøndelag 414 185 41 270 2 Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag Vestlandet 1 232 590 58 552 4 Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Sørlandet (Agder) 273 230 16 435 2 Aust-Agder og Vest-Agder Austlandet 2 371 612 94 578 8 Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud, Vestfold og Telemark Heile fastlandet 4 753 948 323 781 19
Landsdelar i Sverige Fil:Sverigekarta med landsdelar markerade.png
Sveriges tre landsdelar er Götaland (den søndre delen), Svealand (i midten) og Norrland (den nordlege delen).
Landskapa i Sverige er fordelt slik på landsdelane: Landsdel Folkmengd (2005) Areal (km²) Tal på landskap Landskap Götaland 4 351 658 97 841 10 Skåne, Blekinge, Halland, Småland, Öland, Gotland, Östergötland, Västergötland, Dalsland, Bohuslän Svealand 3 539 944 91 098 6 Södermanland, Uppland, Västmanland, Närke, Värmland, Dalarna Norrland 1 156 150 261 292 9 Gästrikland, Hälsingland, Härjedalen, Jämtland, Medelpad, Ångermanland, Västerbotten, Norrbotten, Lappland Heile Sverige 9 047 752 450 231 25
Referansar
Sjå òg Distrikt i Noreg
Kategori:Landskap Kategori:Norsk geografi Kategori:Svensk geografi