Torkild Olsson Fosse () var ein lærar og stortingsmann frå Sauland i Telemark. Han var medlem av Venstre.

Fosse var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Holt seminar i 1846 og var i dei komande åra privatlærar. I 1854 vart han lærar ved borgarskulen i Tromsø, frå 1856 også timelærar ved middel- og realskulen i byen. Han avla eksamen til artium i 1864, men tok ikkje studiar fatt. I staden heldt han fram som lærar i Tromsø og han var bibliotekar ved Tromsø kommunale bibliotek. Han slutta lærargjerninga i 1898.

Fosse var i over 20 år medlem av bystyret i Tromsø, og ordførar i fleire år. Han representerte bykrinsen Tromsø og Bodø på Stortinget frå 1883 til 1888. Perioden 1883-85 var han medlem av justiskomiteen, samt 1883 av traktatkomiteen. Medan han 1886-88 var medlem av Lagtinget og av justiskomite nr 2.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Tromsø Kategori:Norske lærarar Kategori:Norske bibliotekarar Kategori:Folk frå Hjartdal