Paul Steenstrup Koht () var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Bodø. På Stortinget representerte han Venstre. Han var far til Halvdan Koht.
Koht var son til ein apotekar som fyrst dreiv verksemd i Bodø, seinare i Tromsø. Sjølv vart han student frå Tromsø skole i 1861 og cand. philol. frå universitetet i Christiania i 1868. Deretter lærar ved Gjertsens skole i hovudstaden i eitt år, frå 1869 lærar ved Tromsø skole. Ved sidan av lærargjerninga var han redaktør av Tromsøposten. Sidan 1885 var Koht overlærar ved Skien skole.
Koht var medlem av bystyret i Tromsø 1877-85, ordførar 1883-85. I 1887 kom han med i bystyret i Skien og vart vald til ordførar. Stortingsrepresentant for Skien frå 1889 til han døydde. Perioden 1889-91 var han på Stortinget sekretær i næringskomite nr 2. 1892-sesjonen var han formann for den same komiteen, samt medlem av valkomiteen.
Koht døydde i Skien i august 1892.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1892-1894 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar for Skien Kategori:Vararepresentantar til Stortinget Kategori:Ordførarar i Tromsø Kategori:Ordførarar i Skien Kategori:Venstreordførarar i Troms Kategori:Venstreordførarar i Telemark Kategori:Folk frå Bodø