Lynni Treekrem () er ein norsk musikar frå Kristiansund på Nordmøre.
Treekrem vart fødd i 1958 i USA, men allereie da ho var 3 år gammal flytte familien til Noreg og busette seg i Kristiansund. Interessa for song og musikk var stor, og ho underheldt stadig familie og venner. Mens ho gjekk på ungdomsskulen vart ho med i kristiansundsgruppa Asterix. Nokre av barndomsvenene hennar var Frode Alnæs og Øyvind Elgenes som seinare kom til å etablere gruppa Dance with a Stranger. Ho deltok òg i fleire talentkonkurransar.
Treekrem har seinare samarbeidd med mange kjende artistar, som Åge Aleksandersen, Frode Alnæs og Jonas Fjeld. Hausten 1991 kom debutplata hennar ut, Ut i vind, som vart godt motteken blant kritikarar og kundar. Den neste plata hennar, Tusenfryd, vart ikkje fullt så populær, men nådde ein fjerdeplass på salslista. Det tredje albumet hennar, Storm vart òg noko lunka motteke. Storm er den «mørke» plata hennar — innspela i ei tid då Lynni gjennomgjekk depresjonar og skilsmisse. I 2003 kom samle-CD-en I manesjen.
Utmerkingar
Gammleng-prisen 1995 i open klasse. Spellemannprisen 1995 i klassen kvinneleg artist for Haugtussa.
Diskografi
1991: Ut i vind 1994: Tusenfryd 1995: Haugtussa (med Ketil Bjørnstad) Treekrem vann Spellemannprisen for denne cden i klassen kvinneleg artist. 1997: Storm 1999: Falne Engler – Kris Kristofferson på norsk (med Steinar Albrigtsen og Henning Kvitnes) 2003: I manesjen 1990–2003 2004: Sweethearts (med Geir Sundstøl)
Kjelder
Kategori:Norske musikarar Kategori:Norske songarar Kategori:Folk frå Kristiansund Kategori:Vinnarar av Spellemannprisen