Albert Henrik Krohn Balchen () var ein lærar, prest, forfattar og stortingsmann, fødd i Gaular.
Balchen var son til ein prest. Han vart student frå Bergens skole i 1844 og vart cand. theol. i 1848. Dei neste åra var han skulelærar og huslærar. Frå 1851 var han styrar ved borgarskulen i Levanger, deretter lærar ved borgar- og realskulen i Christiania. Sidan var han sokneprest i Trysil 1858-67, Sarpsborg 1867-76, Høland 1876-84 og i Larvik 1884-97. Han var ordførar og sparebank-«direktør» (dvs styremedlem) i Trysil, og medlem av forlikskommisjonen i Sarpsborg.
Balchen representerte Sarpsborg på Stortinget 1868-76 og Larvik og Sandefjord frå 1886 til -91. Han var i 1868-69 medlem av kyrkjekomite nr 1. Dei to neste tingperiodane var han sekretær i kyrkjekomiteen, fram til han i 1876 var han formann for komiteen. Han fekk atter sete i kyrkjekomiteen då han kom innatt på Stortinget, 1886-91. Den siste tingbolken, 1889-91, var han i tillegg medlem av Lagtinget. Balchen var elles medlem av skattelovskommisjonen av 1884.
Han døydde i Kristiania i 1908.
Bibliografi
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Om Albert Balchen i Fylkesleksikon Sogn og Fjordane
Kategori:Stortingsrepresentantar 1868-1870 Kategori:Stortingsrepresentantar 1871-1873 Kategori:Stortingsrepresentantar 1874-1876 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Ordførarar i Trysil Kategori:Norske prestar Kategori:Norske lærarar Kategori:Folk frå Gaular Kategori:Forfattarar frå Gaular Kategori:Norske sakprosaforfattarar