«Up on Cripple Creek» er den femte songen på The Band-albumet The Band frå 1969. Han vart gjeven ut som singel i november 1969 og nådde 25. plass på den amerikanske singellista.Billboard-plasseringar på AllMusicGuide Songen ser ut til å syne til Cripple Creek i Colorado, som har vore knytt til gruvedrift sidan gullrushet i 1890-åra. «Up on Cripple Creek» vart skriven av Band-gitaristen Robbie Robertson, med trommeslagar Levon Helm på solovokal.
Det finst konsertutgåver av «Up on Cripple Creek» på konsertfilmen The Last Waltz og det tilhøyrande filmmusikkalbumet, i tillegg til Before the Flood, eit konsertalbum i lag med Bob Dylan frå 1974.
«Up on Cripple Creek» er kjend for ein av dei første songane der ein Hohner Clavinet vert spelt med ein wah-wah-pedal. Riffet kan høyrast etter refrenget i songen. Clavineten, særleg med wah-pedal, vart mykje nytta i funkmusikk utover i 70-åra, og er framleis populær i dag.
Teksten Teksten omhandlar tre av favorittemaa til The Band, Sørstatane, amerikansk folkemusikk og alkoholisme, og fortel soga om ein gruvearbeidar som reiser til Lake Charles i Louisiana for å møte ei lokal jente, medan han bruker pengane sine på drinkar.
Medverkande Rick Danko- Bassgitar, korvokal Levon Helm- Solovokal, trommer Garth Hudson- Clavinet med wah-wah pedal, Lowrey orgel Richard Manuel- Piano, korvokal Robbie Robertson- Elektrisk gitar
Salslister Liste (1969-70)PlasseringCanadiske RPM Singles-lista10U.S. Billboard Hot 10025
Andre versjonar The Oak Ridge Boys på albumet Bobbie Sue Tom Wopat på The Dukes of Hazzard-soundtracket frå 1979 Dave Matthews & Friends spelte songen mykje på konsertar David Allan Coe skal ha spelt songen The Gourds spelte over songen under eit mellomspel av «Gin and Juice» av Snoop Dogg Gomez spelte songen på hyllestalbumet Endless Highway: The Music of The Band Keisuke Kuwata spelte songen med Southern All Stars i ein medley med «Dixie Chicken» og «Sweet Home Alabama»
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Up on Cripple Creek» frå , den 23. januar 2011. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:The Band-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Robbie Robertson Kategori:Songar produserte av John Simon Kategori:Capitol Records-singlar