Moondog Matinee er det femte studioalbumet til det kanadisk-amerikanske bandet The Band, utgjeve i 1973. Det består berre av coverversjonar av R&B- og bluesmusikk, bortsett frå ei tolking av temaet frå filmen The Third Man.
I eit intervju i 2002 skildra Levon Helm årsaka til at dei spelte inn eit album med coversongar: «Det var alt me klarte på den tida. Me kom ikkje overeins - me visste alle at rettferd berre var noko drit. Me visste alle at me vart lurt, så me kunne ikkje sitje oss ned å skape musikk lenger. 'Up on Cripple Creek' og alle dei greine der var over - alt samarbeidet var over, og denne typen songar var alt me kunne gjere.»Lopate, Mitch. «He Shall Be Levon...: The Band's Levon Helm Is Rocking Harder Than Ever With The Barnburners», GRITZ magazine, Fall 2002.
Den opphavlege ideen hadde vore å gjenskape setlista til gruppa i midten av 1960-åra då dei vart kalla Levon and the Hawks, og spelte på klubbar i Canada og USA. Av dei ti songane var berre ein, «Share Your Love (With Me)», blitt spelt av gruppa i midten av 1960-åra. Resten av berre songar gruppa likte, to av dei «Holy Cow» og «A Change Is Gonna Come», kom kronologisk etter gruppa spelte i lag på klubbane.
Innhald Side ein
Side to
Medverkande The Band Rick Danko – bassgitar, akustisk gitar, vokal Levon Helm – trommer, elektrisk gitar, bassgitar, kontrabass, vokal Garth Hudson – orgel, piano, trekkspel, synthesizer, clavinet, tenorsaksofon Richard Manuel – akustisk og elektrisk piano, trommer, vokal Robbie Robertson – elektrisk og akustisk gitar
Andre medverkande Billy Mundi – trommer (vispar) på «Mystery Train»http://theband.hiof.no/albums/moondog_matinee.html Ben Keith – pedalsteelgitar på «The Promised Land» Teknisk Mark Harman – lydteknikar Jay Ranellucci – lydteknikar John Wilson – lydteknikar Edward Kasper – plateomslag
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Moondog Matinee» frå , den 24. januar 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:The Band-album Kategori:Capitol Records-album Kategori:Coveralbum Kategori:Album produserte av Garth Hudson Kategori:Album produserte av Levon Helm Kategori:Album produserte av Richard Manuel Kategori:Album produserte av Rick Danko Kategori:Album produserte av Robbie Robertson Kategori:Album spelte inn i Capitol Studios