Glanshyliota (Hyliota flavigaster) er ein liten sporvefugl som lever i Afrika sør for Sahara, frå Mali og Sudan i nord til Sambia i sør. Det naturlege habitatet deira er i subtropiske til tropiske tørre savannar, krattskog og opne skogsområde.

Fuglen har ei lengd på ca. 11 cm, hannen har iriserande blåsvart overside, hoa mørk grå overside med svakt blågrønt skin, begge har lys brungul underside. Dei har eit breitt kvitt vengeband på dekkfjørene.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Videoar, bilete og lydopptak av glanshyliota hos Internet Bird Collection

kategori:Hyliotafamilien