Desta Marie Beeder () er ein norsk vêrmeldar og programleiar.
Beeder har etiopisk far og norsk mor. Ho har bachelorgrad i medievitskap frå Universitetet i Bergen.
Før ho fekk jobben som vêrmeldar, jobba ho eitt år i TV 2, fyrst i kommunikasjonsavdelinga og så i plan- og avviklingsavdelinga. Ho vart den 20. vêrpresentatøren på TV 2 og meldte vêret for fyrste gong den 23. mars 2011.
Beeder gifta seg med Boris Klyve i mai 2016.
30. november 2016 slutta Beeder som vêranker på TV2, og byrja i systerselskapet Vimond. Selskapet har kontor i New York, og utviklar teknologien bak TV 2 Sumo, men Beeder vart buande i Bergen.
Våren 2018 byrja ho som programleiar i God morgen Norge. Sommaren same året var ho medprogramleiar i God sommer Norge.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Storm.no: Seks ting du ikke vet om Desta Marie Beeder Storm.no: Desta Marie Beeder skal gi deg været. TV2.no: Satt med puta i fanget under TV 2-debuten
Kategori:Norske programleiarar Kategori:Programleiarar for TV2 Kategori:Folk frå Bergen