Dagfinn Instanes () var ein norsk biletkunstnar og keramikar frå Grimo i Ullensvang herad.

Biografi

Dagfinn Instanes voks opp på Grimo med fire sysken. I konfirmasjonsgåve fekk han eit trekkspel, han lærte seg notar på eiga hand og spela fleire melodiar. Seinare gjekk han i målarlære i Norheimsund. I åra 1938 - 39 gjekk han så på Statens Husindustriskule på Haus på Osterøy. Frå 1942 - 1946 gjekk han på keramikklinja ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo. Etter dette flytte han heim til Grimo. På femtitalet byrja han å delta i fellesutstillingar, og i 1956 hadde han si fyrste separatutstilling i Vestlandske Kunstindustrimuseum. Same året hadde han eit stipendiert studieopphald i København.

Instanes var ein allsidig kunstnar. I 1987 debuterte han som barnebokforfattar med Folen blakk utan sal og sele (Eide Forlag) Folen blakk utan sal og sele på Bokelskere.no der han sjølv hadde både skrive dikta, illustrert og sett tone til dikta. Elles var han både styremedlem og styreformann for Hardanger Folkemuseum i mange år, og gjorde sitt til at muséet mellom anna fekk tunet modernisert. Instanes hadde sine to siste separatutstillingar på muséet, i 1983 og 1988.

Dagfinn Instanes døydde i ei bilulukke i 1998. Han etterlet seg ein del komposisjonar og songar som vart utgjevne på cd-en Songar frå mitt ringe strengespel frå 2002 av musikarane Reidun Horvei, Øyvind Lyslo, Laila Kolve, Jo-Asgeir Lie, Olav Tveitane og Ole Hamre. Det er laga eit relieffportrett av Instanes som står på Hardanger Folkemuseum. Kunstnaren er Arne Mæland.Kulturnett.no: Dagfinn Instanes

Verk og utsmykkingar

Keramikkrelieff på Odda Sjukehus. Keramikkrelieff på Eidfjord Samfunnshus. Keramisk figur, Kinsarvik Skule. Vaksdal skule Fana folkehøgskule Hauso samfunnshus, Ullensvang Hauso skule Lægreid skule, Eidfjord Altertavle, Eidfjord kyrkje Statoil, Bergen Bronserelieff til minne om Olav Kolltveit, Hardanger Folkemuseum. Biletteppe, Heradshuset i Kinsarvik.

Referansar

Kategori:Folk frå Ullensvang Kategori:Norske biletkunstnarar Kategori:Norske komponistar Kategori:Norske barnebokforfattarar Kategori:Norske illustratørar Kategori:Døde i trafikkulukker‎