Riddu Násttit er ein talentkonkurranse for samisk og kvensk ungdom. Han er blitt arrangert av Riddu Riddu-festivalen og NRK Sámi Rádio med støtte frå Telenor, og send som fjernsynsprogram på NRK. Vinnarane har også fått eit stipend på 25 000 kroner.
Konkurransen blei vunnen av duoen Janne og Mikkel i 2008, Agnete Båtnes i 2009 og Inger Karoline Gaup i 2010. Kjelder
Åsgeir Johansen, «Jakter på talenter» , framtidinord.no (11.06 2010) «Stjernene fra Kautokeino», sagat.no (12.07.2008)
Kategori:Riddu Násttit Kategori:Norske fjernsynsseriar Kategori:Fjernsynsseriar frå 2000-åra