Mexico, offisielt Dei sameinte meksikanske statane, er eit land som ligg i Nord- og Mellom-Amerika med grenser til USA i nord og Guatemala og Belize i søraust. I sør og vest har landet kystline mot Stillehavet, og i aust mot Mexicobukta og Det karibiske havet. Det er det nordlegaste landet i Latin-Amerika og det folkerikaste spanskspråklege landet i verda.
Landet er ein føderal republikk og har over hundre millionar innbyggjarar. Rundt 20 millionar av dei bur i og rundt hovudstaden Mexico by. Det høgaste fjellet i landet er vulkanen Pico de Orizaba.
I rundt tre tusen år var Mexico heimen til fleire mesoamerikanske sivilisasjonar, slik som olmecane, mayaene og aztekarane. Etter at aztekarane var overvunne i 1521, la spanske conquistadorar landet under seg og grunnla Nye Spania, ein koloni som vara i tre hundre år.
Den katolske presten Miguel Hidalgo erklærte landet sjølvstendig frå Spania i 1810. Dette førte til ein lang krig som til slutt enda med at Mexico blei eit sjølvstendig keisardøme i 1821. Det blei utropt til republikk i 1824.
Namn mini|Månepyramiden i Mexico sett frå Solpyramiden.
Mexico er ei politisk eining som oppstod på 1800-talet. Sjølv om nokre forfattarar omtalte seg sjølv som meksikanarar tidlegare enn dette, var det ikkje før landet blei sjølvstendig at namnet Mexico blei teke definitivt i bruk.
Heilt sidan landet blei ein føderalstat, har det offisielle namnet vore Estados Unidos Mexicanos («Dei sameinte meksikanske statane»). Grunnlova frå 1824 brukar likevel òg namnet Nación Mexicana «Den meksikanske nasjonen».Constitución de los Estados Unidos Mexicanos (1824), passim Grunnlova frå 1857 gjer bruken av namnet República Mexicana («Den meksikanske republikken») offisiell, men i teksten nyttar ein òg Estados Unidos Mexicanos.Constitución de la República Mexicana (1857), passim Den gjeldande grunnlova frå 1917 gjer det klart at det offisielle namnet til landet er Estados Unidos Mexicanos.
Det finst fleire hypotesar om kvar ordet Mexico stammar frå. Det einaste som er sikkert at det dreier seg om ein forspansking av ordet Mēxihco, eit ord frå nahuatl som var namnet på hovudstaden til mexicaene (Aztekarriket). Eit forslag går ut på at ordet kan tolkast som 'staden der Mēxitli (eller Mēxtli) bur', krigsguden til mexicaene. Eit anna forslag seier at namnet kjem av orda mētz-tli 'måne' og xīc-tli 'navel, sentrum' og morfemet -co 'i, på staden til'. I så fall tyder Mexico 'Senteret til månen' eller 'Sentrum av innsjøen til månen', som var eit av namna mexicaene hadde for Texcocosjøen. Denne forklaringa er likevel ikkje etymologisk tilfredsstillande, sidan ho verken tek omsyn til lengda til i-en i xīc- eller den glottale plosiven som skulle koma før lokativen, og at ho føreset eit irregulært bortfall av -tz i mētz-.
Geografi mini|Kart over Mexico.
Mexico dekker nesten to millionar kvadratkilometer (seks gonger så stort som arealet til Noreg) på begge sider av Krepsen sin vendekrins. Mot nord grensar Mexico til USA, og dryge halvparten av grensa følgjer elva Río Bravo del Norte, i USA kjend som Rio Grande. Den vestre grensestrekninga går for det meste gjennom ørken og halvørken. Heile det nordlege Mexico er prega av ørken, sjølv om nokre fjellstrøk er skogkledde, og det blir drive jordbruk i oasar.
På vestkysten ligg den tynt folkesette, knusktørre Californiahalvøya, den lengste halvøya i verda.
Sør for ørkenen ligg det fruktbare området Bajío, som strekkjer seg frå kyst til kyst, og der ein finn store byar som Guadalajara, León og Querétaro.
Det sentrale høglandet rundt Mexico by er prega av mektige vulkanar, og fjellområdet blir kalla La Cordillera Neovolcánica eller Det transmeksikanske vulkanbeltet. Busetjinga her ligg over 2000 meter over havet, delstatshovudstaden Toluca ligg eksempelvis ca. 2600 moh. I tillegg til vulkanane, som Popocatépetl, finst det skogkledde fjell, fruktbare dalar og lommar av ørken i regnskuggen. Denne landskapstypen pregar òg fjellstrøk i Oaxaca og Chiapas. Dette området har ein klart avgrensa regnperiode i juni–september, og er elles forholdsvis tørt. Det gjeld òg kystområda på begge sider, som er prega av tørr skog.
mini|venstre|Popocatépetl, ein vulkan i La Cordillera Neovolcánica
Klimaet i Mexico er i stor grad mykje rolegare og mindre variert enn i nabolanda i nord. Tropiske orkanar er derimot ein trugsel på både austkysten mot Mexicogolfen og Karibia, og på den sørlege stillehavskysten. Ein kan få kraftige flaumar i dei høgareliggande områda når gamle orkanar går innover land, eller i samband med vedvarande pålandsvind mot dei sørlege fjellsidene av Chiapafjella, særleg i avskoga områda. Bortsett frå dette er klimaet i Mexico stort sett harmlaust.
Mot sør aukar nedbøren, og i delar av Chiapas og Yucatán finst det store område med tropisk regnskog. Den flate Yucatán-halvøya er elles prega av savanne. Utanfor kysten av Quintana Roo ligg dei største korallreva i Amerika, som strekkjer seg inn i Belize og Honduras.
Folktettleiken er størst i høglandet rundt Mexico by, og dessutan i Bajío. Ørkenen i nord og jungelområda i sør er tynt folkesette. Storbyar langs eller nær grensa mot USA, som Tijuana, Mexicali, Hermosillo og Ciudad Juárez har eksplodert i storleik dei siste åra.
Mexico har eit rikt mangfald av dyr- og planteliv. Det finst over to hundre tusen artar i landet. 170 000 kvadratkilometer av landet er verna naturreservat.
Historie Mexico var åstaden for oppbløminga av fleire høgkulturar før den spanske erobringa frå 1519. Jordbruket, med mais, bøner, chili og avokado, oppstod i dalane i det sentrale høglandet for 8000 år sidan. Etter kvart oppstod det jordbrukssamfunn og høfkulturar i områda sør for den såkalla Chichimeca-linja, som går frå Guadalajara til Tampico. I områda nord for linja budde det nomadestammar som livnærdt seg gjennom jakt og fiske. Kulturområdet sør for linja blir kalla Mesoamerika, og strekkjer seg ned til Honduras, El Salvador og Nicaragua. Her avløyste ei rekkje kulturar kvarandre, som hadde mange fellestrekk. mini|Olmekiske kjempehovud, no i museum i Xalapa.
Olmekarar, Teotihuacan og klassisk Veracruz Den første kulturen var den olmekiske, som bløma i delstatane Veracruz og Tabasco. Han er spesielt kjend for dei store steinhovuda olmekarane laga. Den neste store høgkulturen oppstod rundt storbyen Teotihuacán, som bløma frå kring Kristi fødsel til byen blei brunnen og øydelagd rundt år 750. Samstundes bløma det ein kultur på Golfkysten som blir kalla Klassisk Veracruz, sentrert rundt storbyen El Tajín.
Toltekarar Etter at blei øydelagd Teotihuacáns kom det eit nytt folk frå nord, toltekarane, som hadde hovudstad i Tula frå ca. 900 til ca. 1100. Detta var eit krigersk folk, som blant anna erobra store område av Mesoamerika, og som auka talet på menneskeofringar.
mini|venstre|Ruinane av eit av templa i mayabyen Chichen Itza.
Mayakulturen På same tid blomstra mayakulturen i sørlege Mesoamerika, på Yucatán-halvøya, i Chiapas, og dessutan i Guatemala, Belize og delar av Honduras og El Salvador. Denne kulturen oppstod før Kristi fødsel, og den første store bløminga skjedde frå 500-talet. På 800-talet viste likevel mayakulturen teikn til forfall, og mange av byane blei forlatne rundt år 900. Samstundes opplevde Yucatán-halvøya ein toltekisk invasjon frå sentrale Mexico. I deler av området haldne fram kulturen likevel å blomstra heilt fram til ca. 1540.
Zapotekarar og mixtekarar Også andre område opplevde ei kulturell bløming. I Oaxaca var zapotekarkulturen sentrert rundt seremonisenteret Monte Albán. I mellomalderen blei denne kulturen avløyst av mixtekarane. I Michoacán blomstra tarascokulturen (no kalla purépecha) i hundreåra før den spanske erobringa. Det finst også døme på høgkulturar nord for chichimekargrensa, som Paquimé i Chihuahua.
Aztekarane og samtidige grupper mini|Ei framstilling av grunnleginga av Mexico-Tenochtitlan frå Codex Mendoza.
Aztekarane kom inn i Mexico-dalen rundt 1300, og grunnla hovudstaden sin på ei øy i Texcocosjøen i 1326. Etter kvart erobra dei naboane sine rundt sjøen. Frå 1426 danna dei den såkalla trippelalliansen saman med Texcoco og Tlacopan. Seinare erobra dei det meste av området vest for Tehuantepec-eidet. Berre statane Tlaxcala aust for Mexico by og Purépecha-nasjonen i vest stod i mot. Aztekarane utbytte dei undertvinga undersåttane sine. I tillegg til rikdomar måtte desse levera menneske til menneskeofring.
Spansk erobring mini|venstre|Hernán Cortés og La Malinche møter Moctezuma II. Framstilling frå Lienzo de Tlaxcala, skapt ca. 1550.
Den spanske erobringa byrja i 1519, då den spanske conquistadoren Hernán Cortés gjekk i land ved den staden som i dag er kjent som Veracruz. I eit toårig felttog med ganske små spanske styrkar men etter kvart talrike hjelpestyrkar frå anti-aztekiske urfolk klarte han å styrta heile det mektige aztekarriket. I løpet av få år blei heile det sentrale og sørlege Mexico erobra.
Massakrar og hardt slavearbeid følgde for aztekarane og dei andre folka i den nye kolonien Ny-Spania. Dei fleste urfolke blei likevel drepne av nye og heilt ukjende sjukdomar som t.d. koppar, som folkesetnaden ikkje hadde motstandskraft mot. Ein rekner med at det budde 18 millionar menneske i den regionen som blir kalla Mesoamerika i 1519. Ved slutten i hundreåret var talet redusert til ca. 2 millionar urfolk.
Kolonien Ny-Spania Den katolske religionen fekk fotfeste i området, særleg etter at den mørkhuda Jomfrua av Guadalupe viste seg i 1531. Tiggarmunker oppretta misjonsstasjonar og skular over heile landet. Det blei tidleg oppretta skular for urfolka.
Munkeordenane var ein viktig del av koloniseringa, ettersom dei arbeidde for å omvenda urfolket til katolisismen, og dermed passiviserte dei. Dei første munkane slo seg til i og rundt Mexico by, men etter kvart nådde dei òg meir fjerntliggande område.
Dei tre hundre åra med spansk styre hadde eit klart skilje mellom rettane og stillinga til dei ulike folkegruppene. Nedst på rangstigen stod dei afrikanske slavane, deretter kom urfolk, så følgde mestisane, og så criollos, folk av europeisk avstamming fødd i Mexico. Dei einaste som kunne ha offentlege posisjonar var likevel peninsulares, folk fødd i på den spanske halvøya i Europa, sjølv om dei ofte hadde ein sosialt sett audmjuk bakgrunn frå Spania.
Mexico var ein av dei rikaste koloniane til Spania, og mellom anna sølvgruvene i den sentrale delen av landet, t.d. i Taxco og Guanajuato, gav grobotn for økonomisk vekst. Store byar som Mexico by, Puebla, Guadalajara og andre var senter for lærdom, kunst og handel. Kolonien Filippinane blei kolonisert frå Mexico, og handelen mellom Filippinane og Spania gjekk via Mexico. Denne handelen blei tidleg truga av engelske, nederlandske og franske sjørøvarar. Kystbyane og handelsflåten blei utsette for stadige brutale sjørøvaråtak frå midten av 1500-talet til byrjinga av 1700-talet.
Sjølvstendekamp mini|portrett|Miguel Hidalgo måla av Antonio Fabrés.
I 1767 blei den innverknadsrike jesuittordenen forboden i det spanske riket, noko som sterkt prega kolonien. Motsetningsforholdet mellom «criollos» og «peninsulares», saman med generell misnøye, skattetrykk og til sist Napoléon sitt inntog i Spania, utløyste sjølvstendekampen frå 1810 av. Den katolske presten Miguel Hidalgo er blitt kjend som ein opprørsleiar for sitt rop i Dolores og for å ha marsjert gjennnom landet og samla ein svær bondehær.
Ein hær på 80 000 mann gjorde etter kvart store landevinninger og erobra alle byane i den rike, vestre delen av landet. Avgjerda om ikkje å ta Mexico by i 1811 var likevel skjebnesvanger, og snart slo dei spanske regjeringsstyrkane tilbake og gjenerobra dei fleste byane. Motstandskampen heldt likevel fram i avsidesliggande område, og i 1813 møttest ei riksforsamling i byen Chilpancingo i Guerrero for å bli samde om ein grunnlov for den framtidige staten. Omslaget kom endeleg då den spansktru generalen Vicente Guerrero skifta side, og dermed tvinga fram ei spansk evakuering i 1821.