Red & Gold er eit album av folkrockbandet Fairport Convention frå 1988.

Noko som var uvanleg var at albumet vart gjeve ut på selskapet Rough Trade, og dette fekk David Fricke, ein kritikar i Rolling Stone, til å kommentere «Det eldste folkrockbandet i Storbritannia som enno eksisterer har allierte seg med det erketypiske indie-punkrock-selskapet! Sjølv for Fairport Convention, som har trassa tid, tidvatn og trauma i jakten på den elektriske folkedraumen, er det å strekkje seg langt.»}} Det einaste Fairport hadde oppdatert seg med sidan sist var at dei nytta MIDI for somme instrument.

Tittelsporet vart skrive av Ralph McTell og fortel soga om slaget ved Cropredy Bridge som skjedde i 1644 under den engelske borgarkrigen. Cropredy har sterke band til Fairport Convention og er staden der den årlege musikkfestivalen vert halden.

Albumet gjekk inn på den britiske albumlista den 28. januar 1989 og låg ei veke på 74. plass.

Innhald

Medverkande Maartin Allcock: gitarar, bouzouki, mandolin, trekkspel, keyboard, vokal Ric Sanders: fiolin Dave Pegg: akustisk & bassgitarar, vokal Dave Mattacks: trommer, perkusjon, klaverinstrument, cembalo Simon Nicol: gitarar, vokal, dobro

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Red & Gold» frå , den 2. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 1988 Kategori:Fairport Convention-album