Eurovision Song Contest 1964 var den niande utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga fann for fyrste gong sted i Skandinavia og Danmark, som følgje av landets siger i 1963 med Grethe og Jørgen Ingmann og songen «Dansevise». Sendinga blei arrangert og produsert av Danmarks Radio og blei halden laurdag 21. mars 1964 i i København. Programleiar var .
Sverige trekte seg frå tevlinga på grunn av ein nasjonal artiststreik, mens Portugal debuterte. Dimed heldt talet på deltakarar seg på 16 land, som i dei tre føregåande åra.
Italia vann sin fyrste siger med «», framført av 16 år gamle Gigliola Cinquetti. Italia vann med den største sigersmarginen i historia til Eurovision Song Contest til då: 49 poeng mot 17 poeng til andreplassen Storbritannia. Vinnarsongen blei også populær i Europa etter sigeren, og i Noreg låg han 16 veker på VG-lista. Monaco blei nummer tre, mens Frankrike og Luxembourg delte fjerdeplassen. Noreg deltok for femte gong, og for fyrste gong med ein mannleg artist. Arne Bendiksen framførte «Spiral», skriven av Sigurd Jansen og . Det norske bidraget enda på åttandeplass med 6 poeng – alle frå Norden.
Bakgrunn miniatyr|, arena for Eurovision Song Contest 1964. Etter å ha vunne med «Dansevise» året før, stod Danmark vertskap for Eurovision Song Contest dette året. For ein liten kringkastar som Danmarks Radio var Eurovision Song Contest ei stor økonomisk utfordring. DR vedtok likevel i juni 1963 å ta på seg arrangørjobben. Kringkastaren la finalen til i hjartet av . Dette var fyrste gongen tevlinga fann stad i Skandinavia, og det skulle gå elleve år før Eurovision Song Contest igjen blei arrangert i Skandinavia.
Finalen blei lagt til laurdag 21. mars 1964, og sendinga varte i rundt 1 time og 35 minuttar. Programleiar var den då 22 år gamle danske kanalverten . I ettertid fortalde Wæver at , mannen bak vinnerbidraget «Dansevise», ønskte å leie sendinga. Volmer-Sørensen var ein stor skikkelse i den danske underhaldingsbransjen på den tida, og han hadde vore programleiar for dei danske Melodi Grand Prix-finalane frå 1957 til 1961. Men Wæver blei vald fordi ho «såg godt ut» og «klarte seg heiderleg på engelsk og fransk».
Format Kvart deltakerland deltok via ein kringkastar som var medlem av EBU. Landa stilte med eit bidrag kvar, og dette skulle bli framført av ein solist eller ein duo. Spania omgjekk denne regelen då dei deltok med tremannsgruppa Los TNT. Gruppa bestod av brørne Edelweiss «Tim» Croatto og Hermes «Tony» Croatto i tillegg til systera Argentina «Nelly» Croatto. I tevlinga stilte bandet under namnet «Nelly med Tim og Tony». Reglane tillot nemleg koristar i tillegg til solisten eller duoen. Dei to brørne kora, mens systera stilte som solist.
Sverige var råka av ein langvarig artiststreik, og SVT måtte difor avlyse den svenske Melodifestivalen og trekkje seg frå Eurovision Song Contest. Portugal gjorde sin debut i tevlinga, og dimed heldt talet på deltakarar seg på 16 land – det same talet som åra før. Startrekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking, og Luxembourg blei trekt til å starte, mens Spania avslutta. Noreg blei trekt til å opptre som nummer tre.
Sendinga Finalen blei halden laurdag 21. mars 1964 frå klokka 22.00–23.35 sentraleuropeisk tid, men i Noreg gjekk sendinga frå 23.00–00.35 på grunn av norsk sommartid. Sendinga blei produsert i svart-kvitt.
Showet starta med eit musikkstykke framført av musikkorpset til . Deretter kom programleiar Lotte Wæver ut på scena anført av ein fanfare. Etter ein kort introduksjon på dansk, engelsk og fransk startet gjennomgangen av dei 16 deltakarmelodiane. Melodiane blei akkompagnert av eit orkester på 42 musikarar, delvis sett saman for anledninga. Orkesterleiar var Kai Mortensen, men dei fleste landa hadde med eigne dirigentar.
Luxembourg opna tevlinga, mens Spania avslutta. Nederland blei det fyrste landet til å sende ein artist utan europeisk opphav, for Anneke Grönloh hadde indonesisk mor.
Etter at alle land hadde framført melodiane sine, følgde eit fem minutter langt ballettstykke kalla . På scena opptredde ballettdansarar frå Det Kongelige Teater. Hovuddansarar var Solveig Østergaard og Niels Kehlet, som skulle førestille skikkelsene Harlekin og Columbine. Orkesteret akkompagnerte dansarane med musikkstykket Columbine Polka Mazurka.
Avrøystinga miniatyr|Gigliola Cinquetti skaffa Italia sin fyrste siger i Eurovision Song Contest. Her frå Sanremo-festivalen same år. Før avrøystinga blei tevlingssjefen til EBU introdusert for fyrste gong. Dette året var Miroslav Vilček sjef og oppsynsmann for avrøystinga.
For tredje året på rad innførte EBU eit nytt poengsystem. Kvart land hadde no ei jurygruppa på ti medlemmar der ingen skulle vere del av platebransjen. Kvart medlem hadde tre røyster som kunne bli fordelte etter eige ønske – men ikkje til songen frp sitt eget land. Landet som fekk flest røyster frå dei ti jurymedlemmane, blei tildelt 5 poeng. Andreplassen fekk 3 poeng, mens tredjeplassen fekk 1 poeng frå jurygruppa. Dersom berre to land fekk røyster frå jurymedlemmane, fekk favoritten 6 poeng og andreplassen 3 poeng. Dersom alle jurymedlemmane gav alle sine røyster til eit og same land, fkk dette landet samtlege 9 poeng frå jurygruppa. Dette poengsystemet blei også brukt i 1965 og 1966.miniatyr|Gigliola Cinquetti (venstre) etter å ha vunne Sanremo-festivalen med «». Songen fekk stor kommersiell suksess etter sigeren.
Avrøystinga blei raskt ein sigersparade for Italia, som fekk toppoeng fra heile åtte jurygrupper. Med 49 poeng vann 16 år gamle Gigliola Cinquetti og «» den klåreste sigeren i historia til Eurovision Song Contest. Italia fekk nesten tre gongar så mange poeng som andreplassen Storbritannia, som fekk 17 poeng. Dette var den fjerde andreplassen til Storbritannia i tevlinga. Den norske jurygruppa gav ingen poeng til vinnaren, men fem poeng til Storbritannia, tre til Finland og eit til Danmark. Fire land delte sisteplassen utan poeng: Tyskland, Sveits, Jugoslavia og debutanten Portugal. Dette var fyrste gongen at eit debutantland enda sist utan poeng.
Fenomenet med naborøysting blei synleg dette året. Blant anna utveksla Monaco og Frankrike toppoeng, og dei nordiske landa gav poeng seg imellom, noko som blei møtt med latter og humring i salen.
Det norske bidraget Noreg deltok i Eurovision Song Contest for femte gang og blei for første gang representert av ein mann: Arne Bendiksen. Han song «Spiral», skriven av Sigurd Jansen og . Bendiksen hadde framført songen med Kringkastingsorkestret i Melodi Grand Prix 15. februar. Der hadde han blant anna sigra over sin eigen låt, «La meg være ung», framført av Wenche Myhre. Denne blei ein stor slager i Noreg dette året.
Noreg var det tredje ut bidraget på scena i København, og dirigerte det danske orkesteret under framføringa til Bendiksen. Odd Grythe kommenterte sendinga for NRK Fjernsynet og NRK Radio.
«Spiral» fekk berre poeng frå to land – nabolanda Danmark og Finland. Danmark gav full pott, fem poeng, mens Finland gav eit poeng. Dette var likevel nok til å sikre Noreg ein åttandeplass, den beste plasseringa til Noreg på tre år.
For fyrste gong las dei norske poenga frp NRK Marienlyst. Christophersen skulle seinare lese dei norske røystene ei rekkje ganger fram til 1995. Den norske jurygruppa røysta slik: PoengLand531
Deltakarar Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre. Startnr.LandArtistSongSpråkPlassPoeng01Hugues Aufray«Dès que le printemps revient»Fransk41402Anneke Grönloh«Jij bent mijn leven»Nederlandsk10203Arne Bendiksen«Spiral»Norsk8604«Sangen om dig»Dansk9405«Laiskotellen»Finsk7906«Warum nur, warum?»Tysk61107Rachel«Le chant de Mallory»Fransk41408«I Love the Little Things»Engelsk21709Nora Nova«Man gewöhnt sich so schnell an das Schöne»Tysk13010Romuald«Où sont-elles passées»Fransk31511António Calvário«Oração»Portugisisk13012Gigliola Cinquetti«»Italiensk14913Sabahudin Kurt«Život je sklopio krug»Bosnisk13014Anita Traversi«I miei pensieri»Italiensk13015Robert Cogoi«Près de ma rivière»Fransk10216Nelly med Tim og Tony«Caracola»Spansk121
Artistar som hadde delteke tidlegare ArtistLandDeltok iAnita Traversi1960
Poengtavla Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen. DeltakerlandPoenggjevande landSumPlass335314411210516813493339751511613531114415311151720133531315301355555335535491013013112101112
Toppoeng Kvar jury gav 1, 3 og 5 poeng til sine tre favorittsongar. Under er 5-poengarane frå kvart land: TalDeltakarnasjonToppoeng frå:8Austerrike, Belgia, Finland, Jugoslavia, Luxembourg, Nederland, Portugal, Storbritannia2Noreg, SveitsItalia, Spania1MonacoTysklandFrankrikeDanmark
Hendingar Opptaket av sendinga manglar I likskap med 1956-tevlinga finst det ingen tv-opptak av sendinga. Lenge gjekk det rykter om at opptaket til DR gjekk tapt i ein arkivbrann i 1970-åra, men det mest sannsynlege er at DR aldri sikra seg eit opptak av sendinga, berre nokre korte utdrag frå starten av sendinga. Truleg har heller ingen andre kringkastare tatt vare på opptaket frå København. Trass iherdige forsøk frå fans, har det ikkje lukkast å oppdrive eit tv-opptak frå sendinga, men i desember 2021 fekk ein fan tak i eit nær tre minutt langt opptak frå slutten av sendinga frå finske Yle. Men lydsporet for meisteparten av finalen eksisterer, og det finst nokre filmopptak av vinnarframføringa til Gigliola Cinquetti.
Politisk strid og den fyrste scenestorminga i tevlinga Dette året baud på sin fyrste «skandale», då ein mannleg demonstrant løp opp på scena like etter det sveitsiske bidraget. Mannen kom frå den venstreradikale ungdomsgrupperinga «Gruppe 61». Med seg hadde han ein plakat med teksten «boikott Franco og Salazar» – med tilvising til dei dåverande diktatorane i høvesvise Spania og Portugal. I tida før tevlinga var den spanske og portugisiske deltakinga omstridde, og fleire hadde tatt til orde for at dei to landa måtte bli ekskluderte frå Eurovision Song Contest. På lydopptaket frå sendinga kan ein høyre romstering og løping på scena og summing frå publikum, men TV-sjårarane fekk ikkje med seg hendinga, for produsenten skifta raskt til eit bilete av poengtavla og europakartet. Programleiar Lotte Wæver fortalde sidan at ho la merke til at mannen kom opp på scena, men at ho ikkje lot seg affisere særleg av hendinga. Demonstranten blei raskt eskortert av scena og fekk seinare ein bot på 5000 danske kroner.
Det skulle gå 46 år før tevlinga blei forstyrra av ein ny scenestormar, då Jimmy Jump storma scena under det spanske bidraget under Eurovision Song Contest 2010 på Fornebu.
Dirigentar Mens Kai Mortensen var sjefdirigent, hadde fleire av landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.
Jacques Denjean Dolf van der Linden
Kai Mortensen George de Godzinsky Johannes Fehring Franck Pourcel Harry Rabinowitz Willy Berking Michel Colombier Kai Mortensen Gianfranco Monaldi Radivoje Spasić Fernando Paggi Henri Segers Rafael Ibarbia
Kommentatorar og poengopplesarar Poengopplesarar Kvart land hadde ein talsperson som annonserte poenga frå den nasjonale jurygruppa over telefon på engelsk eller fransk. Under er talspersonane i same rekkefølgje som under avrøystinga.
Ukjend Pim Jacobs
Pedro Biker Poppe Berg Walter Richard Langer Jean-Claude Massoulier Kenneth Kendall Lia Wöhr Ukjend Maria Manuela Furtado Rosanna Vaudetti Saša Novak Alexandre Burger André Hagon Julio Rico
Kommentatorar og sendingar Alle 16 deltakerlanda, i tillegg til Irland og Sverige, kringkasta finalen. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1964: