Basket of Light er det tredje studioalbumet til den britiske folkrockgruppa Pentangle, utgjeve i 1969. Det nådde femteplassen i Storbritannia etter at singelen «Light Flight» (som nådde 43. plass) vart nytta som kjenningsmelodi i den første fjernsynsdramaserien i fargar på BBC1, Take Three Girls. Ein annan singel frå albumet, «Once I Had a Sweetheart», nådde 46. plassen på lista.Pentangle UK chart history, The Official Charts Company. Henta 27. mars 2012.
I plateomslaget står det at «Springtime Promises» vart skriven «etter ein busstur på nummer 74 frå Gloucester Road til Greencroft Gardens ein tidleg vårdag».
Ettermæle Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
På plateomslaget vart det nytta bilete frå konserten Pentangle heldt i Royal Albert Hall.
Medverkande Pentangle Terry Cox – trommer, klokkespel, handtromme, solo- og korvokal Bert Jansch – solo- og korvokal, gitar, banjo på «House Carpenter» Jacqui McShee – solo- og korvokal John Renbourn – solo- og korvokal, gitar, sitar Danny Thompson – kontrabass
Teknisk Shel Talmy – produsent Damon Lyon-Shaw – lydteknikar John Pantry – lydteknikar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Basket of Light» frå , den 31. mars 2019. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Musikkalbum frå 1969 Kategori:Pentangle-album Kategori:Album produserte av Shel Talmy Kategori:Transatlantic Records-album Kategori:Reprise Records-album Kategori:Album spelte inn i IBC Studios