NRK Urørt er eit musikkprosjekt frå NRK som lèt usignerte norske musikkartistar dela musikken sin med resten av Noreg via Internett, TV og radio. Prosjektet er fyrst og fremst ein nettstad der kven som helst har høve til å lasta opp eigenprodusert musikk og presentasjonar så andre kan lytta, lasta ned og gje kommentarar til musikken. Det er også mogleg å lasta opp musikkvideoar på sidene. Nettsidene vart lansert i november 2000 og passerte 10 000 band i 2006."Ti tusen Urørte!", artikkel fra nrk.no

Urørt har sendetid fleire dagar i veka på NRK P3 der noko av musikken blir presentert. I tillegg har Urørt ein eigen kanal på nettradio. Ein periode hadde prosjektet også eit TV-magasin for musikkvideoar på NRK2 som gjekk ein gong i veka. Urørt gir kvart år ut ein CD med namnet Rørt og Urørt der dei fleste av Årets Urørt-finalistane som regel er med.

I 2005 starta Urørt eit samarbeid med Zoom, ein konkurranse for ukjende og usignerte band og en påfylgjande turné. Zoom endra samtidig namn til Zoom Urørt. Prosjektet samarbeider også med Norwegian Wood og er med å plukka ut band som skal opptre på Urørt Underwood-scena under festivalen.

Ukas Urørt Kvar veke plukkar redaksjonen ein artist som vert kåra til Ukas Urørt. Av desse vert ti artistar plukka ut av urørtredaksonen og musikkjournalistar frå P3, som finalistar til kåringa av Årets Urørt. I tidlegare utgåver av Urørtfinalen bestod finalistane av dei 12 vinnarane av månedens Urørt. Sjølve finalen vart tidlegare arrangert i samband med by:Larm. Ordninga med månedens Urørt er no utgått.

Årets Urørt

Vinnaren av Årets Urørt-kåringa vert utnemnd av publikum og ein fagjury under eit finaleshow og mottek ein sjekk på 25 000 kroner. I tillegg får vinnaren spelejobb på by:Larm og Norwegian Wood (2008).

Vinnarar 2001: Tennis 2002: Ugress 2003: Sissy Wish 2004: Side Brok 2005: Anja 2006: Heroes and Zeros 2007: Ida Maria 2008: Matias Tellez 2009: Pony the Pirate 2010: The Pink Robots 2011: Honningbarna 2012: Mikhael Paskalev 2013: Phil T. Rich

Øvrige finalistar (utval)

2004: Superfamily, Shaun Bartlett, Keem og Roma, The Beautiful People 2005: Animal Alpha 2006: Monomen, Donkeyboy, Herreløse 2007: Rektor 2008: Katzenjammer, Soul Theory & Keem One, Simon Says No!, Magnus Sinnes, Howl 2009: John Olav Nilsen & Gjengen, Fjorden Baby!, Lars Vaular 2010: Kvelertak, Team Me, Blood Command, Leif & The Future 2011: Brighton, Machine Birds, Oslo Ess, Forza 2012: Lemâitre, BENDIK, Overthrow, AutoLaser 2013: Bits Between, Ekkolodd, Synne Sanden, Intertwine

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «NRK Urørt» frå , den 4. februar 2011 og 30. januar 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:NRK Kategori:Norsk musikk Kategori:Skipingar i 2000 Kategori:Norske nettstader