I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama! er eit studioalbum frå 1969 av den amerikanske songaren og låtskrivaren Janis Joplin. Det var det første soloalbumet hennar etter ho forlet det tidlegare bandet sitt, Big Brother and the Holding Company, og det einaste ho gav ut medan ho levde (Pearl kom ut tre månader etter ho døydde).

Innspeling Innspelinga byrja 16. juni 1969 i New York City og var fullført 26. juni. Joplin fekk med seg gitaristen Sam Andrew frå Holding Company på innspelinga, i tillegg til The Kozmic Blues Band. Joplin fekk med seg ei blåserekkje på fleire av songane, noko det tidlegare bandet hennar ikkje hadde ønskt. Albumet skilde seg mykje frå den tidlegare psykedeliske rocken hennar og songane var her mykje meir i retning soul og blues. Alle utanom to songar var coverlåtar som produsenten Gabriel Mekler og Joplin valde ut. Dei to andre songane, «One Good Man» og «Kozmic Blues», var skrivne av Joplin sjølv. I alt var albumet meir polert, men vart ikkje ein like stor suksess som Cheap Thrills.

Utgjeving

Albumet kom ut 11. september 1969 og selde til gullplate to månader seinare.

CD-utgåva frå 1999 inneheld eit opptak av Bob Dylan sin «Dear Landlord», med ny tekst og arrangement av Joplin, og versjonar av «Summertime» og «Piece of My Heart» frå Woodstockfestivalen som bonusspor.

Innhald

Medverkande Janis Joplin - solovokal, gitar Sam Andrew - gitar, vokal Michael Monarch - gitar (ikkje ført opp) Mike Bloomfield - gitar (One Good Man, Work Me Lord, Mabye) Brad Campbell - bass, blåseinstrument Richard Kermode - orgel, klaverinstrument Gabriel Mekler - orgel, klaverinstrument Goldy McJohn - orgel, klaverinstrument (ikkje ført opp) Maury Baker - trommer Lonnie Castille - trommer Jerry Edmonton - trommer (ikkje ført opp) Terry Clements - tenorsaksofon Cornelius Flowers - barytonsaksofon Luis Gasca - trompet

Salstrofé

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «I Got Dem Ol' Kozmic Blues Again Mama!» frå , den 1. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Janis Joplin-album Kategori:Debutalbum frå 1969 Kategori:Album produserte av Gabriel Mekler Kategori:Columbia Records-album