Lucimar Ferreira da Silva, betre kjend som Lúcio () er ein brasiliansk fotballspelar som spelar som midtstoppar for Inter Milano i italiensk Serie A, og for landslaget til Brasil. Han vart verdsmeister i fotball med Brasil i 2002.

Lúcio har vorte seriemeistar i Tyskland med Bayern München i 2005, 2006 og 2008 og i Italia med Inter i 2010. Med Inter vann han òg den europeiske Meisterligaen og VM for klubblag i 2010.

Lúcio debuterte for Brasil sitt A-landslag 15. november 2000 i ein VM-kvalifiseringskamp heime mot Colombia. Han skåra det første landslagsmålet sitt 9. februar 2005 i ein privatlandskamp borte mot Hongkong. Han var med i Brasil sin tropp til fotball-VM i 2002, 2006 og 2010. Han spelte frå start i alle Brasil sine kampar i alle desse tre meisterskapa, og etter VM i 2010 hadde han dermed spelt 17 VM-kampar for Brasil. I VM i 2010 var han Brasil sin landslagskaptein.www.fifa.com på engelsk

Fotnotar

Kategori:Brasilianske fotballspelarar Kategori:Bayer Leverkusen-spelarar Kategori:Bayern München-spelarar Kategori:Inter-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2002 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2006 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2010