John William «Jack» Casady () er ein amerikansk musikar som er mest kjend som bassgitarist i Jefferson Airplane. Han spelte først sologitar med Washington D.C.-bandet The Triumphs, før han bytta til bass på vidaregåande skule. Han vart bassist for Jefferson Airplane då sologitarist Jorma Kaukonen, ein klassekamerat og tidlegare rytmegitarist i Triumphs, inviterte han med seint i september 1965. Jefferson Airplane vart det første suksessfulle bandet frå San Francisco-miljøet. Singlane deira, med «Somebody to Love» og «White Rabbit», hadde ein meir polert stil og nådde hitlistene i 1967 og 1968. Casady vart i lag med andre medlemmar av Jefferson Airplane, innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1996.

Då han gav seg i Jefferson Airplane i 1970-åra starta han bandet Hot Tuna i lag med Kaukonen.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jack Casady» frå , den 9. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:USA-amerikanske bassistar Kategori:Jefferson Airplane-medlemmar Kategori:Folk frå Washington, D.C.